Norsk Rikstoto har konsesjon på totalisatorspel ut 2021. På same tid jobbar regjeringa med eit forslag til ny pengespellov. Dei vil vurdere om totalisatorspela til Norsk Rikstoto skal overførast til Norsk Tipping når konsesjonen går ut, eller førast vidare.

– Det ikkje unaturleg at ein i samband med ny pengespellov også vurderer organiseringa av norske pengespel, seier Gunn Merete Paulsen, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Paulsen meiner vidare det er positivt at Regjeringa i dette arbeidet primært vil fokusere på korleis dei best mogleg kan sikre ansvarlege pengespel i framtida.

Det er Kulturdepartementet i samarbeid Landbruks- og matdepartementet som skal gjennomføre vurderinga.

Les pressemeldinga frå Kulturdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.