34 000 menneske i Noreg har problem med spel. 88 000 står i risikosona for å få det.

Speleproblem har alvorlege konsekvensar, både psykiske og økonomiske. Mange får enorm spelegjeld, og slit med å få livet tilbake på rett kjøl.

Dette rammer også ektefelle, partnarar, kjærastar, barn og andre pårørande.

– Dersom du legg til alle rundt spelaren, som også blir ramma av speleavhengigheit, er det snakk om veldig mange menneske. Vi vil vise kor brutalt og vondt speleavhengigheit er, men at det finst hjelp, seier Gunn Merete Paulsen, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Ansvarlege spel

Pengespel som blir tilbydde og marknadsførte i Noreg skal være ansvarlege, nettopp for å beskytte sårbare spelarar og familiane deira. Å sikre ansvarlege spel og førebygge speleproblem er eit av samfunnsoppdraga til Lotteritilsynet.

I dag er det Norsk Tipping som har løyve til å tilby onlinespel, kasinospel og odds. Dei har grenser for kor mye spelarane kan tape, og kor lenge dei kan spele.

Dei utanlandske spelselskapa opererer ulovleg i Noreg, og har ikkje dei same tiltaka når det gjeld ansvarlegheit.

– Medan Norsk Tipping kontaktar spelarar som er i risikosona for å få problem og ber dei spele mindre, gjer utanlandske spelselskap det motsette. Dei kontaktar spelarar og ber dei spele meir, seier Paulsen.

– Dei farlegaste spela er hurtige pengespel der det er så kort tid mellom innsats og belønning så at hjernen sine forsvarsmekanismar ikkje slår inn. Dei som har problem med spel og står i risikosona for å få det er også dei som legg mest merke til bonusar, betre odds, gratisspel og gåver i pengespelreklamar. Desse verkemidla marknadsfører dei utanlandske spelselskapa i stor skala.

Det er også slik at 6 av 10 nordmenn ikkje veit eller er usikre på kven som har lov til å tilby pengespel i Noreg.

– Det er ikkje rart. Utanlandske pengespelselskap marknadsfører spela sine mykje. Då er det viktig for oss å nå ut med kunnskap om at dei utanlandske pengespelselskapa faktisk ikkje har lov til å tilby og marknadsføre pengespel i Noreg.

FINN- annonsar

I tida framover vil det dukke opp annonser om speleavhengigheit på FINN.no. Annonsane er ikkje reelle annonsar, men problemet er ekte.

Nokre med diagnosen speleavhengigheit spelar bort huset eller bilen. Skyhøg spelegjeld kan føre til at familiar ikkje har råd til å reise på ferien dei hadde planlagt.

– Mange nordmenn går til FINN.no når dei skal kjøpe eller selje. Kanskje er nokre av de vanlege annonsane som ligg der heilt reelle, altså at det er nokre akkurat no som sel bustaden, hytta eller bilen på grunn av spelegjeld. Vi håpar kampanjen gir nokre ein vekkjar om kor alvorleg speleavhengigheit er, og at vi bidrar til å spreie kunnskap, seier direktør Gunn Merete Paulsen.

Hjelpelinjen med nye nettsider

Hjelpelinjen for spilleavhengige er ein av aktørane som skal hjelpe dei som har problem med spill eller deira pårørande.  Parallelt med informasjonskampanjen kjem Hjelpelinjen.no i ny drakt.

– Målet er å på best mogleg måte legge til rette for at dei som treng hjelp tar kontakt, eller finner informasjon, seier Paulsen.

Hjelpelinjen har fått chat, der spelarar eller pårørande anonymt kan chatte med helsepersonellet som jobbar hos Hjelpelinjen.

– Kanskje er det slik at for nokre er terskelen lågare om dei kan skrive om problema, i staden for å ringe.

Hjelpelinjen har også fått ein sjølvtest, der ein kan svare på spørsmål og få en indikasjon på om ein har problem med spill.

– Vi fortel også om menneske som har kome seg ut av speleproblema, for å vise at det går an å få hjelp og få livet tilbake. Kanskje kan det også hjelpe for nokre å sjå at dei ikkje er heilt alene om å ha problem med spill.