Skal sjå på korleis pengeutdelande stiftelsar jobbar med formålet. -Vi vil styrke styra sin kunnskap om korleis dei bør organisere dette arbeidet, og mange stiftelsar formidlar at dei har behov for rettleiing, seier avdelingsdirektør Siw Heggedal Longvastøl.

I tematilsyn har vi tilsyn med ei gruppe stiftelsar om eit tema eller område som erfaring viser kan og bør forbetrast. Temaet i 2021 er korleis styrer jobbar med formålsrealisering, ikkje berre når dei deler ut midlar, men også før og etter.

-Tematilsynet skal pågå i heile 2021. Vi har plukka ut 15 stiftelsar i første omgang, og så har vi planlagt ein ny runde til hausten.

Formålet eig stiftelsen

Formålet er sjølve årsaka til at ein stiftelse blir danna. Fordi stiftelsar er ei eigarlaus organisasjonsform, seier vi at det er formålet som «eig» stiftelsen. Derfor er det å realisere formålet, slik det står i vedtektene, styret si viktigaste oppgåve.

Stiftelsestilsynet si oppgåve er å sikre trygge stiftelsar, og tematilsyna er eit viktig verkemiddel i dette arbeidet. Men dei er også viktige for å bygge og dele kunnskap.

– Tematilsyna gir oss moglegheit til å sjå fleire stiftelsar under eitt, og dermed gi oss og stiftelsane nyttig kunnskap om «kvar skoen trykker» når det gjeld realisering av formålet, seier Longvastøl.

Stiftelsane ønskjer rettleiing

Stiftelsane sjølve formidlar behov for rettleiing, når dei skal planlegge og følgje opp arbeidet på ein måte som sikrar forsvarleg og god realisering av formålet. Dei ser også nytta av å vere «obs» på fallgruver.

-Vår erfaring er at eit styre som har definert ein strategi og utarbeidd ein plan for korleis dei skal realisere formålet, har betre føresetnad for å gjennomføre styrearbeidet på ein god måte.

Stiftelsar som ikkje er med i tematilsynet kan likevel bruke kontrollpunkta som verkty, for å sjekke om styret si organisering av arbeidet med formålsrealisering er i samsvar med desse. Punktlista kan de finne i meldinga om tilsyn. 

På slutten av året, når tematilsynet er ferdig, vi vil lage ein samlerapport og publisere den.