Dispensasjonar frå bingoforskrifta blir forlenga, men Lotteritilsynet stiller samtidig strengare krav til marknadsføringa.

Lotteritilsynet gav 16. mars dispensasjonar frå bingoforskrifta som følgje av koronaviruset fram til 29. mars.

Dispensasjonane frå bingoforskrifta blir no forlenga, foreløpig fram til 13. april.

Spela kan ikkje marknadsførast mot enkeltpersonar

Det blir stilt følgande vilkår til marknadsføringa av spela for å framleis kunne gi dispensasjon:

  • Det skal ikkje marknadsførast direkte mot enkeltpersonar, til dømes gjennom tekstmeldingar, e-post eller ulike formar for verving.
  • Det er ikkje tillate å nytte nokon form for bonusar som ledd i marknadsføringa av online -spela.

Lotteritilsynet pressisserar også i vedtaket at alle nye spelarar som ikkje har registrert seg ved fysisk oppmøte i bingohall, må gjere det når bingohallane opnar igjen. Dersom dei ikkje gjer det skal dei slettast som nettspelkunde.

Vi vil vurdere forlenging fortløpande basert på situasjonen rundt koronaviruset og dei råd og anbefalingar som elles gjeld i samfunnet.

Les heile vedtaket her.