Lotteri- og stiftelsestilsynet har gjort vedtak om tildeling til totalt 46 landsdekkande samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.

For å avhjelpe konsekvensane av Korona-krisa fastsette regjeringa 24. april ei mellombels forskrift som gjorde unntak frå reglane om tildeling av Norsk Tipping sitt overskot.

Den mellombelse forskrifta gjorde at dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane kunne få tilskot frå Norsk Tipping utbetalt allereie i mai.

Samla tilskot til fordeling var i år 804,8 mill. kroner, noko som utgjer 18 prosent av Norsk Tipping sitt samla speleoverskot.

Tilskotsordninga skal bidra til å trygge viktige samfunnsoppgåver på områda helse, sosiale tenester, krisehjelp, støttearbeid, natur- og miljøvern og dyrevern, i tillegg til å sikre at sentrale rednings- og beredskapsoppgåver vert vidareført.