Tre av fem betalingsformidlarar har stoppa å formidle pengespeltransaksjonar til nordmenn etter at Lotteritilsynet sendte vedtak til norske bankar.

I mars sendte vi vedtak til norske bankar om å stoppe betalingstransaksjonar til og frå utanlandske pengespel på nett. Berre i januar og februar i år var volumet på desse transaksjonane på over 500 millioner kroner.  Norske bankar og andre finansinstitusjonar har ikkje lov til å formidle pengar til og fra utanlandske pengespelaktørar utan lisens i Norge. Dei fleste utanlandske spelselskap omgår forbodet ved å bruke betalingsløysingar der transaksjonene går via ein betalingsformidlar.

Etter at vedtaket til bankene trådde i kraft, har vi fått bekrefta at tre av dei fem betalingsformidlarane har innført nye rutinar og stoppar no pengespeltransaksjonar til nordmenn. Dette får vi og bekrefta av testspel vi har gjennomført. Desse selskapa stod for 65 % av volumet i januar og februar i 2017. Denne andelen var endå større i 2016.

 – Vi er veldig fornøgde med at betalingsformidlarane er innforstått med at å formidle pengar til nordmenn til og frå utanlandske spelselskap er i strid med norsk lov, og difor har vi satt i gang tiltak for å stoppe dette, seier avdelingsdirektør Linda Vøllestad Westbye.

Lotteritilsynet har no sendt eit endringsvedtak til bankane der Earthport og Inpays kontonummer er fjerna frå lista over kontonummer som er omfatta av vedtaket til bankane. Frå før har også Worldpay stoppa sine speltransaksjoner til og frå nordmenn.

Vil fortsette arbeidet

Vedtaket til bankene om å stoppe transaksjonar til og frå nordmenn er eit ledd i eit strategisk og langsiktig arbeid i Lotteritilsynet med å få større effekt av betalingsformidlingsforbodet.

 – Vi har sett at dei betalingsleverandørane som fortsatt har pengespeltransaksjonar, gradvis har auka sitt transaksjonsvolum det siste året. Sidan det no er færre selskap som driv slike tenester gjer det vår jobb lettare når vi skal følgje opp forbodet. Dette er ei prioritert oppgåve for oss også framover, seier Vøllestad Westbye.

Meir bevisste spelarar

Vedtaket har også ført til at dei som spelar på utanlandske pengespel og norske bankar er meir bevisste.

 – Bankane har gitt uttrykk for at dei ikkje var klar over at volumet var så stort, og vi opplever ein vilje og lojalitet til å gjennomføre vedtaket, seier Vøllestad Westbye.

I tillegg har Lotteritilsynet blitt kontakta av fleire spelarar den siste tida. Mange av dei var ikkje klar over at utanlandske spelselskap ikkje har lov til å tilby sine spel til nordmenn, og dei har blitt meir bevisste på kva risiko det kan innebære å spele på spelselskap som ikkje har lisens i Norge.