Regjeringa foreslår å endre stiftelsesloven og opne for å oppheve kommunale bustadstiftelsar. Lovforslaget er sendt på høyring.

Det er om lag 120 stiftelsar oppretta heilt eller delvis av kommunane, som har til føremål å skaffe bustader til vanskelegstilte personar på bustadmarknaden. Dei fleste vart etablert på 1980- og 90-talet, då staten ga økonomiske insentiv til å skilje ut dette arbeidet i stiftelsar.

Lovforslaget gjeld stiftelsar oppretta av kommunane med formål å skaffe bustader til vanskelegstilte personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden. Det er foreslått at kommunestyrene kan vedta å oppheve stiftelsane og overføre eigendelane og forpliktelsane til kommunane. Formålet med lovendringa er å styrke kommunane sitt bustadsosiale arbeid.

I høyringsnotatet ber departementet om at dei kommunane som har oppretta bustadstiftelsar vurderer formålet og gir tilbakemelding på om dei er omfatta av lovforslaget.
Etter forslaget skal melding om oppheving sendast til Stiftelsestilsynet.

Les pressemeldinga frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Her kan du lese høyringsnotatet og sende inn høyringssvar.

Høyringsfrist er 2. oktober 2020.