Lotteritilsynet har 11. januar 2018 sendt varsel om vedtak med pålegg om stans av Lyoness si verksemd i Norge.

Varselet om vedtak er retta mot Lyoness Europe AG og Lyoness Norway AS, men vil også omfatte 150 000 norske deltakarar og 1 000 lojalitetsbedrifter som inngår i omsetningssystemet til Lyoness i Norge.

Ulovleg pyramideliknande omsetningssystem

Lotteritilsynet har på bakgrunn av talet motekne tips i 2016 og 2017, og innhaldet i desse, funne grunnlag for å vurdere om Lyoness er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem etter lotterilova § 16 andre ledd.

I vurderinga har vi lagt til grunn at inntektene frå Lyoness si verksemd i Norge i hovudsak kjem frå verving av deltakarar, og ikkje frå sal eller forbruk av varer, tenester eller andre ytingar.

Lotteritilsynets konklusjon

I varselet om vedtak konkluderer Lotteritilsynet med at Lyoness si verksemd i Norge er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem etter lotterilova § 16 andre ledd.

Vi har lagt særleg vekt på at norske deltakarar i Lyoness ikkje mottek eller forbrukar varer, tenester eller andre ytingar frå omsetningssystemet som motsvarer verdien av det som blir betalt når dei betalar for desse. Deltakarane sine innbetalinger til Lyoness er som følgje av dette å sjå på som vederlag for å delta i eit pyramideliknande omsetningssystem. Inntektene til selskapet og den enkelte deltakar kjem nesten berre frå verving av nye deltakarar og deira innbetalingar til Lyoness, og ikkje frå sal eller forbruk av varer, tenester eller andre ytingar.

Lotteritilsynet har i brev av 11. januar 2018 varsla om at vi vil gjere vedtak om at Lyoness må stanse all si verksemd i Norge. Varsla vedtak betyr at all verving av deltakarar og lojalitetsbedrifter til CashBack World og Lyconet, og all omsetning og bruk av fordelskort, rabattkupongar, andeler i kundeskyer, gåvekort, marknadsføringsmateriell, seminar og andre produkt i verksemda må avsluttast.

Lotteritilsynets varsel om vedtak byggjer i hovudsak på dei opplysningar vi har fått frå Lyoness i saka.

Vidare behandling

Lyoness har frist på fire veker for å komme med innvendingar mot det vedtaket som er varsla, eller grunnlaget for varslet. Lotteritilsynets vidare behandling av saka er avhengig av Lyoness sine tilbakemeldingar.

Oppdatering 26. februar 2018:

Lotteritilsynet mottok brev frå Lyoness den 8. februar med merknader til vedtaket som er varsla. Lotteritilsynet går no gjennom desse og vurderer vidare saksbehandling.