Bli med på webinar tysdag 19. mai kl. 10.00 der vi saman med Universitetet i Bergen (UiB) presenterer rapporten «Omfang av penge- og dataspillproblemer i Norge 2019».

I webinaret vil professor Ståle Pallesen ved Institutt for samfunnspsykologi, UiB, presentere nye funn på omfanget av penge- og dataspelproblem i befolkninga og kva dette heng saman med. Heilt nye funn om lootbokser blir også presentert.

Over 9000 personar i alderen 16 – 74 år har deltatt i undersøkinga, gjort av Ståle Pallesen, Rune Aune Mentzoni, Torbjørn Torshiem, Eilin Brevik, Helge Molde og Arne Magnus Morken.  Tilsvarande undersøkingar blei gjort i 2015 og 2013.

Undersøkinga er gjort på oppdrag frå Lotteritilsynet og vi deltar med direktør Atle Hamar, avdelingsdirektør Henrik Nordal og seniorrådgjevar Lars Petter Degnepoll. Desse vil kommentere funn på pengespelområdet.

Påkoblingstips

  • Klikk på lenka over
  • Det opnar seg eit vindauge der du må velge om du vil opne Teams i nettlesar eller i app. Har du ikkje Teams frå før, kan du velge nettlesar.
  • Du blir bedt om vente til webinaret startar.

Ressursar

  • Når du er inne, kan du laste ned rapport og presentasjonar i pdf ved å klikke på lenka til vår nettside.
  • Send spørsmål eller kommentarar til oss ved å klikke på meldings-ikon nede i venstre hjørne. Vi tar ei svarrunde mot slutten. Andre vil ikkje kunne sjå dine spørsmål til oss undervegs i webinaret.
  • Du vil kunne sjå webinaret i etterkant via våre nettsider.

Tekniske utfordringar som kan oppstå

  • Om biletet heng, kan du oppdatere nettsida med tasten F5, eller eigen knapp for oppdatering.
  • Om det ikkje fungerer, prøv ein annan nettlesar (gjerne Google Chrome eller Microsoft Edge) og/eller lukk andre program du måtte ha oppe. Du kan også prøve eit anna nettverk.
  • Om du har problem med lyd, så gå til innstillingar og velg lyd-eining og nivå på volum.