Svaret på dette spørsmålet er at det ikkje finst norske og danske data som direkte kan samanliknast.

NRK Brennpunkt viste for kort tid sidan ein dokumentar som gav eit godt bilde på korleis det er å være speleavhengig.

I tillegg var det eit sentralt poeng i dokumentaren at det er dobbelt så mange speleavhengige i Norge som det er i Danmark. Her viser Brennpunkt til både ei norsk og ei dansk undersøking, og frå dette kunne det dermed sjå ut som om ein lisensmodell ala dansk spelemarknad gir mindre speleproblem enn den norske einerettsmodellen. I Danmark har ei rekke selskap lisens til å tilby odds- og kasinospel. I Norge har Norsk Tipping monopol på å tilby slike spel.

Diskusjon om lisens eller einerett er eit spørsmål som ikkje blir tatt opp i denne bloggen, men eg vil kort gjere greie for kvifor Lotteritilsynet meiner at resultata frå den norske undersøkinga ikkje kan samanliknast med den danske.

Ulike metodar

I Danmark og Norge har det vore forskjellige metodar for innsamling av data, noko som etter vår meining kan bidra til at vi får ei forholdsvis høgare rapportering av speleproblem i Norge enn i Danmark:

  1.  Universitetet i Bergen (UiB) utførte den norske undersøkinga ved hjelp av spørjeskjema sendt ut i posten. UiB fortel at telefonintervju (som blei brukt i Danmark) kan gi ei underrapportering av speleproblem samanlikna med ei papirbasert undersøking. Dvs. at personar som svarer på undersøkingar har ein tendens til å vere meir oppriktige i sine svar på papir enn når det vert spurt i ei  telefonsamtale.
  2.  UiB seier også at ein svarpremie særlig aukar deltakinga frå grupper som tradisjonelt har vore underrepresentert i spørjeundersøkingar (t.d. personar med lav sosioøkonomisk status). UiB gjorde bruk av svarpremier med eit ønske om å få opp svardeltakinga. Dette vil særleg ha effekt for grupper som elles kunne vore underrepresenterte, mellom andre risikospelarar og problemspelarar.
  3.  Det siste poenget vårt kan vi underbygge med fakta frå Norge: UiB har i dei to siste undersøkingane i Norge dokumentert at prosentdelen risiko- og problemspelarar er høgare i purrerundar enn i den første utsendinga av spørjeskjema.

I den norske undersøkinga var prosentdelen som var problemspelarar 0,9 % medan tilsvarande del i Danmark var 0,4 %. Det er desse måla som er utgangspunkt både norske og danske tal eller anslag på  problemspelarar.

Om ikkje Universitetet i Bergen hadde purra to gonger i si undersøking, ville det i den norske rapporten stått 0,6 %. Purring skjer ikkje når ein bruker telefonintervju. Når folk takkar nei på telefon så blir det ikkje ringt opp igjen.

Vanskeleg å samanlikne

Med elles lik innsamlingsmetode kunne ein ha samanlikna den norske 0,6 % med den danske 0,4 %, men forskjellen er då så liten at den ikkje er statistisk signifikant og kan dermed skuldast tilfeldigheiter. I tillegg vil det bak 0,6 %-estimatet frå Norge sannsynligvis være forholdsvis fleire problemspelarar på grunn av bruk av papirbasert spørjeskjema og svarpremie.

Med dette som utgangspunkt ville ikkje eg ha konkludert med at det er dobbelt så mange speleavhengige i Norge som i Danmark.

Nordisk forskingssamarbeid?

Det er vanskeleg å samanlikne forsking mellom land. Difor er eitt av tiltaka i den norske handlingsplanen mot speleproblem å ta initiativ til eit nordisk samarbeid om forsking.

På ein nordisk konferanse om spel og speleproblem i mai i år kjem Norge til å invitere til eit nordiske samarbeid om forsking. Eit tema som vil bli diskutert er behovet for ein pan-nordisk studie på utbreiinga av speleproblem.

Forskingsrapportar om speleproblem i Norge finn du i vårt publikasjonsarkiv.

Still gjerne spørsmål i kommentarfeltet.