Regjeringa si spelemelding «Alt å vinne – Ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk» (Meld. St. 12 (2016-2017)) vart handsama i Stortinget i mai i år.

Stortingsmeldinga betyr mykje for speletilbydarar, spelarar, utvikling av ansvarlege spel, framtidig regulering og kontroll av spel/lotteri, og ikkje minst for mottakarar av overskotet frå spel og lotteri, nemleg svært mange frivillige organisasjonar.

Her finn du meir om oppfølginga av meldinga i Stortinget.

Ny felles lov

I meldinga foreslår Kulturdepartementet å slå saman lotterilova, pengespellova og totalisatorlova til ei felles lov, og å vurdere ei felles samleforskrift. Det vil gje eit meir oversiktleg og lettare tilgjengeleg regelverk, som er viktig både for brukarane og forvaltninga. Eit felles regelverk vil møte behovet for ein heilskapleg og konsistent pengespelpolitikk. Dei same vurderingane av ansvarlegheit og risiko skal gjelde på tvers av speleformene.

Vidareføring av einerettsmodellen

I meldinga blir det trekt fram tre primære allmenne omsyn bak dagens pengespelregulering:

  • omsynet til å førebyggje problematisk speleåtferd
  • omsynet til å førebyggje økonomisk misleghald
  • omsynet til å avgrense privat forteneste

Meldinga konkluderte som kjent med at dagens einerettsmodell skal vidareførast, og i merknader frå Kulturkomiteen ved handsaming av meldinga, går det fram at fleirtalet støttar opp om dagens regulering. Berre komitémedlemane frå Frp gjekk inn for å erstatte eineretts-modellen med ein lisensmodell.

Fem vedtak i Stortinget

Ved handsaming av meldinga gjorde Stortinget fem «anmodningsvedtak»:

Vedtak 636:
Stortinget ber regjeringa setje minstegrensa i søknadsgrunnlag til 10 mill. kroner for søknad frå organisasjonar om tilskot frå Norsk Tipping sitt overskot.

Vedtak 637:
Stortinget ber regjeringa kartleggje tilbodet til speleavhengige og fremje forslag til tiltak som betre tek i vare speleavhengige, der det blir avdekka manglar.

Vedtak 638:
Stortinget ber regjeringa om innan to år å evaluere effektane av at det vert opna for at spelarar kan delta i hovudspel i bingohall via internett.

Vedtak 639:
Stortinget ber regjeringa, i samband med arbeidet med ny lov på pengespelfeltet, om å gjennomføre ei brei, ekstern evaluering av Norsk Tippings og Norsk Rikstotos organisering og praksis. Dette for å sjå korleis ein best mogeleg kan nå målet om å redusere negative sosiale konsekvensar.  Her skal det gjerast ei evaluering av det samla speletilbodet, og om dagens praksis for marknadsføring og anna medieeksponering kan grunngjevast med kanaliseringsomsyn.

Vedtak 640:
Stortinget ber regjeringa vurdere ei endring av forskrift til lov om lotterier m.v. § 5, punkt 4. Målet er å mjuke opp forbodet mot interaktive trekningar distribuert via elektroniske kommunikasjonsnett, slik at fleire aktørar kan få løyve til for eksempel å selje skrapelodd via mobilapplikasjonar.

Arbeidsgruppe skal jobbe vidare

Kulturdepartementet har nemnt opp ei arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til ny felles pengespellov og felles samleforskrift. Lotteri- og stiftelsestilsynet er med i denne gruppa. Dette er eit omfattande arbeid, som venteleg vil strekkje seg minst to-tre år fram i tid.

Departementet har bedt Lotteri- og stiftelsestilsynet om å utarbeide forslag til effektivisering av betalingsformidlingsforbodet innan 1. mai 2018, og også om å vurdere ulike sider ved DNS-varsling innan 1. september 2018.  (DNS står for Domain Name Service og er ei internett-teneste som omset domenenamnet som ein brukar skriv inn i nettlesaren, til den IP-adressa som er kopla til domenenamnet. Sjå meir om dette i meldinga pkt. 13.5.)

Fleire endringar er på trappene

Nokre forskriftsendringar hastar det å få på plass. Det gjeld endringar i forskrifta om fordelinga av 18% av overskotet til Norsk Tipping til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, og endringar i grasrotforskrifta. Her skal mellom anna grasrotandelen aukast, noko som vil gje meir frie midlar til lokale lag og foreiningar.  Vi har grunn til å tru at Kulturdepartementet vil sende endringsforslag på høyring like over sommarferien.

Når det gjeld i bingoforskrifta, har Kulturdepartementet bedt oss om, innan 1. oktober i år, å utarbeide forslag til endring av «30-sekundersregelen», og forslag til regelverk som gir høve til å delta i hovudspel i bingohall via internett. Etter handsaming i departementet vil dette bli sendt på høyring.

Forskrifta om momskompensasjon til frivillige organisasjonar har lenge vore under lupa, med tanke på å gjere ordninga endå meir «treffsikker». Med bakgrunn i rapportar frå PWC og innspel frå Frivillighet Norge, Norges Idrettsforbund, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner og Lotteri- og stiftelsestilsynet, er det venta at departementet vil sende eit endringsforslag på høyring denne hausten.

Alle høyringsnotat vert lagt ut på Kulturdepartementet sine nettsider, og alle som vil, ikkje berre opplista høyringsinstansar, kan sende inn høyringsuttale innan ein gitt frist.

Sist men ikkje minst;  Kulturdepartementet har varsla, og starta, arbeidet med to nye Stortingsmeldingar, om høvesvis frivilligheit og kultur.

Frivillige organisasjonar, og alle andre, har difor all grunn til å følgje nøye med på Kulturdepartementet sine nettsider dei neste månadane!