Stiftelsar med liten eigenkapital bør slåast saman eller avviklast, skriv BI- professor og tidlegare medlem av Stiftelsesklagenemnda, Caroline D. Ditlev-Simonsen, i DN 30.juli. Ho løftar eit viktig tema, og vi ser i vårt arbeid med norske stiftelsar at det er varierande kunnskap om handlingsplikta og ansvaret styret har.

Men det finst fleire moglegheiter enn Ditlev-Simonsen skisserer.

Siw Heggedal Longvastøl er avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet.

Sjølv om det er stor variasjon blant norske stiftelsar har dei ein ting felles: Alt styret gjer må bygge på kvifor stiftelsen vart oppretta, altså formålet.

Når ein framhevar at stiftelsar med liten eigenkapital bør avviklast eller slåast saman, er det særleg aktuelt for stiftelsane som deler ut pengar, og då spesielt dei som berre kan dele ut pengar frå avkastninga, ikkje eigenkapitalen.

Styret skal vurdere fleire andre tiltak før dei avviklar eller slår saman. Å avvikle ein stiftelse må vere absolutt siste utveg.

Først må styret vurdere om det er mogleg å auke inntektene eller redusere kostnadane. Vi har sett at det gjev positiv gevinst å samarbeide med andre stiftelsar.

Klarer ein ikkje å auke inntektene eller redusere kostnadane, må ein vurdere å endre vedtektene, og dele ut pengar frå heile eller delar av eigenkapitalen, ikkje berre den årlege avkastninga.

Poenget er at styret har ansvar for å ta grep, og formålet må ligge til grunn. Så er vi her for å trygge stiftelsane, og vi vil kunne hjelpe med å sjå moglegheiter og finne løysingar som er med å bevare og styrke dei.

(Kronikken var først publisert i Dagens Næringsliv 22.08.2019)