Pengespelselskap som ikkje har lov å tilby spel i Noreg har i årevis brukt ulike triks for å manøvrere seg inn i den norske marknaden. Stortinget har bedt Lotteritilsynet om å stoppe dei. Det gjer vi, og fleire ting tyder på at arbeidet vårt virkar.

Noreg har alt å vinne på ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk, ifølge eit stort politisk fleirtal. Og det er mykje på spel. 122 tusen av oss er risiko- eller problemspelarar. Mykje tyder på at tala er stabile, men vi må gjere det vi kan for at færrest mogleg får speleproblem. For dei som misser kontrollen har det alvorlege konsekvensar.

Eit fleirtal av dei som søkjer hjelp hos Hjelpelinja peikar på ein uregulert speloperatør som hovudproblemet. Det er spesielt dei hurtige kasinospela på nett mange får problem med. Sjølv om tala frå Hjelpelinja indikerer at det er dei ulovlege spela som skaper speleproblem, så kan det ikkje bli ei kvilepute for spelaktørane som har lov å tilby spel i Noreg, eller for oss som tilsyn. Norsk Tipping uttrykker bekymring for at fleire av spelarane deira på kasinospel har ei speleadferd som viser teikn på speleproblem, og følgjer nøye med på utviklinga.

Så er det nokre som vinn på den norske modellen. For mange nordmenn er lotteri og pengespel god underhaldning og uskyldig spenning i kvardagen, og vi skal legge til rette for det. Aldri før har meir pengar gått frå den regulerte spelmarknaden til gode formål.  I fjor gjekk nesten 6,4 milliardar kroner til norsk frivilligheit, idrett og kultur. Dette er takka vere den norske modellen, som skal sikre spel i trygge og ansvarlege former, og overskot til gode føremål. I perioden 2011 til 2018 har føremålsutbetalinga auka med 1,5 milliardar kroner.

Den siste tida har vi også sett fleire teikn på at den ulovlege pengespelbransjen møter tøffare motstand på den norske marknaden. Medietilsynet si oversikt viser at dei ulovlege aktørane har brukt litt mindre pengar på TV-reklame enn før. Sjølv analysebyrået H2 Gambling Capital, som overvaker den internasjonale spelmarknaden, har nedjustert sine estimat for kor mykje nordmenn legg att hos dei ulovlege selskapa. Og ikkje nok med det, H2 reknar ikkje lenger med at marknaden skal vokse i åra som kjem. H2 er ingen fasit. Difor er det ei av fleire kjelder vi brukar når vi bereknar størrelsen på den uregulerte marknaden i Noreg.

Det er likevel interessant at H2 peikar på arbeidet vårt med betalingsformidlingsforbodet, å hindre transaksjonar mellom norske bankar og dei uregulerte spelselskapa, som ei av årsakene til nedjusteringane. Dette viser at arbeidet vårt med bruk av mange ulike verkemiddel gir resultat. Men det gir oss ikkje grunn til å trappe ned kampen. Sjølv om vi har intensivert tilsynet med den ulovlege pengespelmarknaden i Noreg, så er omfanget av ulovleg tilbod av pengespel framleis for stort.

Vi anslår at rundt 250 000 aktive norske spelarar la igjen mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner hos dei uregulerte spelselskapa i 2018. Altfor mange nordmenn trur at også andre enn Norsk Tipping og Norsk Rikstoto har lov til å tilby pengespel i Noreg. 6 av 10 trur det er lov, eller er ikkje sikre på korleis reglane er. Dette er kanskje ikkje så rart med all spelreklamen vi ser på fjernsynskanalane som sender frå utlandet. Denne reklamen håper vi det vil bli ein slutt på dersom Regjeringa sitt forslag om nye reglar trer i kraft.  Vi jobbar også med ei varsling som skal dukke opp på skjermen dersom ein er i ferd med å spele hos ein av dei uregulerte aktørane, og det nenmde betalingsformidlingsforbodet, som gjer at norske bankar kan stoppe pengeoverføringar til uregulerte selskap, blir styrkt frå nyttår. Desse tiltaka meiner vi vil vere viktige for å sikre den norske pengespelmodellen.

Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, og beskytte sårbare spelarar. Dette jobbar vi for kvar einaste dag. Og ikkje minst jobbar vi for å bringe faktabasert kunnskap inn i debatten.

(Denne kronikken var først publisert i E24 31. mai 2019)