Dei siste vekene har Lotteritilsynet lagt merke til nokre pengespelreklamar og medieoppslag som har gjort oss bekymra. Ikkje fordi dei er direkte ulovlege, men fordi dei framstiller pengespel på ein måte som kanskje er ekstra uheldig akkurat no.

Lotteritilsynet jobbar kontinuerleg med å hindre ulovlege pengespel og marknadsføringa av disse. Gjennom fleire år har vi løyst denne oppgåva i god dialog med mange bransjeaktørar og norske mediehus.

Lotteritilsynet ser at koronapandemien har endra kvardagen for dei fleste av oss. Vi veit at mange spelar for å gløyme andre problem. Mange aktørar i pengespelindustrien har uttrykt særleg bekymring for sårbare spelarar knytt til tida vi er inne i, som til dømes Spilleavhengighet Norge, European Gaming and Betting Association (EGBA) og Malta Gaming Authority (Lotteritilsynet på Malta) som har gitt lisens til mange av pengespelselskapa som opererer ulovleg i Noreg. Her heime har Lotteritilsynet stramma inn på marknadsføringsreglane for bingo, og Norsk Tipping rapporterer at dei har endra sin marknadsføringsstrategi for å ta omsyn til den spesielle situasjonen som vi står i.

Vi vil ikkje gripe inn i redaksjonelle avgjerder, og ein bryt ikkje lova ved å omtale ei ulovleg pokerturnering eller eit ulovleg pengespelselskap. Men, dersom redaksjonen let vere å nemne at slike pengespel er ulovlege i Noreg, vil artikkelen kunne villeie lesaren til å tru at dei ulovlege pengespelselskapa er lovlege og trygge tilbydarar av pengespel. Det er dei ikkje. Lotteritilsynet er bekymra for at all omtale av ulovlege pengespel kan medverke til vekst i den ulovlege pengespelmarknaden. Dette kan føre til eit mindre trygt og eit mindre ansvarleg pengespeltilbod som ikkje tek i vare omsynet til dei speleavhengige.

Lotteritilsynet ønsker å nå ut til så mange som mogleg med bodskapet om kva som er lov og ikkje lov her til lands. Våre spørjeundersøkingar syner at seks av ti nordmenn ikkje veit eller er usikre på kva pengespelselskap som har lov til å tilby pengespel i Noreg, og dette synst vi er for mange.

Sidan nettspela kom på marknaden har dei fleste nordmenn gått rundt med eit potensielt kasino i lomma. Under Korona-pandemien har mange av oss ekstra mykje ledig tid til å surfe på mobilen, lese nyheiter og spele spel. Om vi då kjem over redaksjonell omtale av pengespelselskap eller reklame for pengespel i ein eller annan form, er det ekstra viktig at informasjonen vi får er korrekt. Lotteritilsynet veit at for mange kan vegen vere kort til å spele vekk pengar ein ikkje burde brukt.

Det er rundt 34 000 problemspelarar i Noreg i dag, og vi veit at langt fleire nordmenn står i fare for å utvikle speleproblem. I tillegg veit vi at det for kvar problemspelar også er anslagsvis fem personar i familien og i krinsen rundt som blir råka. Dermed er det faktisk veldig mange i Noreg som opplever negative konsekvensar av pengespel. Lotteritilsynet meiner at det alltid er viktig å ta ansvar for å skåne dei mest sårbare iblant oss, men kanskje er dette særleg viktig akkurat nå for å hindre at korona-pandemien skaper fleire problemspelarar i Noreg.