Mange av dei som blir ramma av speleproblem i Japan veit ikkje kva dei kan gjere eller kor dei kan be om hjelp.

For kort tid sidan vart det vedtatt ei ny pengespellov der det blir opna for å etablere landbaserte kasino. Dette har ført til at der er auka merksemd på speleproblem i Japan. Dei har lagt merke til korleis vi jobbar med spelproblematikk i Norge, og difor vart eg invitert dit i september. Eg var i Japan ei veke og heldt til saman fire foredrag.

Sterke historier om speleproblem i Japan

Saman med to andre foredragshaldarar gjorde eg min første presentasjon ein tysdag ettermiddag i Tokyo. Den første presentasjonen var ved Naoko Takiguchi, som inviterte meg og la til rette for meg under opphaldet.  Ho er professor i sosiologi og forskar ved Otani University i Kyoto, i tillegg jobbar ho med rehabilitering av speleavhengige i fengsel. Ho arbeider også med informasjon og opplæring av familiemedlemmer til problemspelarar.

Deretter fekk vi ein presentasjon av Kaori Sato, direktør for eit nasjonalt nettverk av 69 krisesenter. Ho peika mellom anna på at mishandling i heimen også kan vere finansiell (financial abuse). Kaori Sato fortalde sterke historier om korleis konsekvensane av speleproblem ramma to familiar. I begge tilfella skal spelinga ha begynt som ei avkopling eller flukt frå ein vanskeleg kvardag.

Speleproblem rammar heile familien

I den eine historia starta speleproblema for familieforsørgaren etter at familien vart flytta bort frå Fukushima. Byen der ingen lenger kan bu på grunn av radioaktive utslepp i 2011. Den andre historia var om ein som gjorde feil på jobben, og som letta på stresset ved å besøke ein spelehall.

I begge tilfella var det heile familiar som merka konsekvensane. For familien som måtte flytte vekk i frå Fukushima forsvann pengane som dei hadde fått frå myndigheitene i kompensasjon for å måtte flytte. Naoko Takiguchi seier at familiar som erfarer problem ikkje veit kva dei kan gjere eller kor dei kan be om hjelp. Speleproblema er ein «hidden addiction».

Parallellar til speleproblem i Norge

Historiene har parallellar til Norge. Som i Japan kan speleproblem her til lands også starte som ein flukt i frå noko som er vanskeleg, og ofte er det fleire enn spelaren som blir ramma. Også i Norge er det viktige aktørar som hjelper både spelarar og familiar, eller som viser veg til hjelp og behandling. Behandlingstilbodet er derimot langt meir tilgjengeleg i Norge enn det er i Japan.

Pachinko-spelet

For begge spelarane var det snakk om spel i Pachinko-hallar. Pachinko er eit  automatliknande spel i større spelehallar. Dersom ein tenker på ei Pachinko-maskin som ein speleautomat vil Japan ha flest speleautomatar i verda, og i følgje The Gaming Technologies Association heile 58 prosent av verda sine 7,9 millionar lovleg oppstilte speleautomatar i 2016.

Om du er interessert i Pachinko kan du gjere eit søk på YouTube. Dersom du i tillegg legg på ordet sound får du også eit inntrykk av den støyen som er i ein Pachinko-hall.

Interesse for norske tiltak mot speleproblem

Blant det eg var invitert til å fortelje om var dei ulike førebyggingstiltaka som er innført for Norsk Tipping sine speleterminalar (Multix og Belago). I Norge har vi som kjent registrert spel på desse terminalane der det mellom anna er maksimale tapsgrenser, budsjettverktøy og høve for spelar til å ta pausar eller stenge seg heilt ute i frå spela.

Eg fotalde også om korleis det blir jobba med førebygging i vår spelmarknad og om vår nasjonale handlingsplan mot speleproblem. Eg var dessutan bedt om å fortelle om andre aktørar som jobbar på feltet i Norge, for eksempel ville japanarane vite meir om norske AKAN.

Den siste dagen eg var i Japan vart eg invitert til eit AA rehabiliteringssenter i Kyoto. Ein del av dei eg møtte var speleavhengige og dei hadde spørsmål om Norge.  Utfordringar ser ut til å vere mykje dei same uansett kor du er, og eitt av spørsmåla var om det i Norge var mogeleg å låne pengar til å finansiere speling.

Liknar oss på talspel og sportsspel

På nokre speleområde er Norge og Japan ganske like. Lotteri- og talspel (spel som skrapelodd og Lotto) er mest populært i begge land, men blir spelt av prosentvis fleire nordmenn (høvesvis 54 % mot 30 %). Sportsspel som tipping eller oddsspel ser ut til å kunne ha omtrent like stor prosentvis del spelarar (høvesvis 13 % og ca. 10 %), men japanarane spelar nok meir på motorsport enn kva vi gjer. Også prosenten som spelar hestespel er omtrent lik (om lag 10 % i begge land).

Pachinko-spelet har ikkje eit direkte samanliknbart spel i Norge, men 11 prosent spelte dette i Japan. Det er om lag det same som om vi slår saman alle i Norge som spelte nett- eller landbasert bingo, speleautomatar, spel på skip, nettbaserte kasinospel og nettpoker.
(Samanlikning av 2015-tal frå Universitetet i Bergen med tal frå Japan Productive Centre.)

Interesse frå media

Under opphaldet i Japan møtte eg mange som var interesserte i pengespelproblematikk. Mellom desse speleavhengige, folk i hjelpeapparatet, forskarar, advokatar og tilsette hos myndigheitene – nesten som på ein konferanse i Norge. Som hos oss har spelproblematikk også interesse i media. Under mitt opphald vart eg intervjua både av TV-nyheitene og avisene.

Opphaldet var ei god erfaring, og sjølv om formålet med turen var mest å fortelje om korleis vi jobbar i Norge så fekk eg også ny kunnskap om spel og spelproblematikk i Japan. At japanarane ser til blant anna Norge for å lære om førebygging, viser at det blir lagt merke til internasjonalt korleis vi jobbar på dette feltet.