No aukar Grasrotandelen til Norsk Tipping. Målet er å sikre endå betre økonomiske kår for frivillige lag og organisasjonar. Det betyr meir pengar til grasrota, men også at nokon kan falle ut av ordninga.

Grasrotandelen vart lansert i 2009 og det er så langt generert over to milliardar kroner til frivillige lag og organisasjonar gjennom ordninga. Berre i 2017 fekk det frivillige Norge 455 millionar kroner. No er det endå meir pengar å hente gjennom ordninga. Frå 2018 får grasrotmottakarar sju prosent av spelinnsatsen hos Norsk Tipping.  Dette er to prosent meir enn tidlegare år.

Ny forskrift om Grasrotandelen

Frå 1. januar 2018 gjeld ei ny forskrift om Grasrotandelen. Målet er å sikre endå betre økonomiske kår for lokale og regionale frivillige lag og organisasjonar. Så er det slik at også nokon som i dag får grasrotmidlar, kan miste dette tilskotet. Forskrifta er stramma inn for å sikre at grasrotmidlane kjem reell frivillig verksemd til gode. Det har heile tida vore tenkt at det er grasrota som skal få pengar, det ligg i sjølve namnet. Men det har vore ei lågterskelordning med lite byråkrati. Det har ført til at enkelte har dratt nytte av ordninga, som ikkje ordninga var tenkt til.

Vår rolle er å hindre misbruk

Lotteri- og stiftelsestilsynets rolle i dette er å hindre misbruk. For medan Brønnøysundregistra har ansvar for å godkjenne lag og organisasjonar som kan ta del i Grasrotordninga, så er det Lotteri- og stiftelsestilsynets oppgåve å føre tilsyn med Grasrotordninga.

Den nye forskriftsendringa har gitt oss betre heimlar til å handheve reglane enn tidlegare. Vi skal kunne føre tilsyn med deltaking i ordninga, utbetaling av midlar og mottakarens tilgang til og bruk av midlane. Det er presisert at grasrotmidlane ikkje skal kome nærings-, eller privatøkonomiske interesser eller typiske offentlege oppgåver til gode.

Føremålet med endringa er ikkje å auke tilsyn med små lag og organisasjonar med frivillig aktivitet, men å sikre at Lotteri- og stiftelsestilsynet kan hindre målretta forsøk, frå spelarar og/eller einingar, på misbruk av ordninga. Grasrotordninga skal framleis vere ein ubyråkratisk lågterskelordning for regionale og lokale lag og foreiningar. Midlane er frie innanfor grasrotmottakarens føremål. Grasrotordninga vil framleis vere enkel og skal ikkje føre til meirarbeid for organisasjonar den er meint for, men strengare krav skal hindre misbruk. Dette får konsekvensar for nokon.

Organisasjonar som kan miste rett til grasrotpengar

Føremålsregelen er justert for å gjere det tydeleg at grasrotordninga skal fremje aktivitet på lokalt eller regionalt nivå. Hensikta er at Grasrotandelen skal gå til nettopp grasrota og det betyr at nokon kan falle ut av ordninga. Grasrotmottakarar skal hovudsakleg vere basert på frivillig innsats. Det betyr at einingar som er organisert av det offentlege og privat verksemd som det offentlege står bak, ikkje kan ta del i grasrotordninga. Det same gjeld einingar som ikkje er allmennyttige, eller der verksemda kjem ein lukka krets til gode.

Dessutan kan ikkje einingar som har desse primærområda i frivilligregistret delta:

  •  Utdanning og forsking.
  • Helse, der eininga driv sjukehus, institusjonar, pleieheimar eller klinikkar.
  • Bustad og lokalmiljø. Velforeiningar der verksemda ikkje kjem privatøkonomiske interesser til gode, kan likevel delta.
  • Politiske parti og interesseorganisasjonar, sett vekk frå politiske parti sine ungdomsorganisasjonar.
  • Yrkes-, bransje- og fagforeiningar. Elev og studentorganisasjonar kan likevel delta.

Også andre foreiningar som kjem privatøkonomiske interesser til gode kan miste rettane til grasrotmidlar.

Det blir som nemnt, lagt til grunn ei strengare tolking av omgrepet allmennyttig i Grasrotandelen enn tidlegare. Ein allmennyttig organisasjon skal ivareta allmenne samfunnsinteresser og vere tilgjengeleg for eit breitt spekter av menneske. Det vil seie at einingar som berre er opne for ein lukka krets, og/eller arbeider for å sikre eigen økonomisk gevinst, ikkje blir rekna som allmennyttige.

Korleis prioriterer Lotteri- og stiftelsestilsynet tilsynssaker?

Det er ca. 28 000 grasrotmottakarar i dag, og vi kan ikkje føre aktivt tilsyn med alle desse. Men gjennom andre tilskotsordningar vi administrerer, har vi stor kunnskap om svært mange av dei som mottar grasrotmidlar. Dette saman med at vi baserer vårt utval av tilsyn på tips og risiko og vesentlegheit, gjer at vi kan føre tilsyn der det er størst risiko. Eit resultat av dette er at ein forholdsvis stor del av dei vi fører tilsyn med blir tatt ut av ordninga.

Denne ordninga er også basert på ein viss grad av sosial kontroll, ved at det er spelaren sjølv som vel sin grasrotorganisasjon. Norsk Tipping offentleggjer ved kvar utbetaling kor mykje den enkelte grasrotmottakar har fått utbetalt. Lokalavisene har dessutan jamlege oppslag med liste over kven som har motteke grasrotmidlar i sitt distrikt. Desse oppslaga har i fleire tilfelle ført til tips og spørsmål til Lotteri- og stiftelsestilsynet om mogeleg misbruk av ordninga.

Vår rolle i Grasrotordninga skal hindre misbruk av ei ordning som kjem grasrota til gode. Det er ein jobb vi tek på alvor. Då er det viktig å spreie kunnskap om kven som naturleg høyrer heime i ordninga og ikkje for å unngå misforståingar.

Her finn du ny forskrift om grasrotandel.

Her kan du sende tips til oss.

Bruk nedtrekksmenyen for meir informasjon og fakta.

Forskriftsendringa blei vedteken av Kongen i statsråd 15. desember i 2017. Bakgrunnen var stortingsmeldinga (Meld. St. 12 2016-17) «Alt å vinne. Ein ansvarleg og aktiv pengespelpolitikk» og Kulturdepartementets høyringsforslag hausten 2017. Her foreslo departementet enkelte innstrammingar i ordninga for å sikre at Grasrotandelen i størst mogleg grad går til lag og foreiningar med frivillig aktivitet. Samstundes er det argumentert for at auken i Grasrotandelen skal bidra til å styrke legitimiteten til einerettsmodellen og kanalisere spelarar inn mot eit offentleg tilbod. Endringane i forskrifta skal også stimulere til auka lokal frivillig aktivitet, samt redusere mogleg misbruk av Grasrotandelen.

Grasrotandelen er ei ordning der spelarar hos Norsk Tipping kan gi delar av spelinnsatsen til eit lag eller ei foreining. Den gjeld for alle spela til Norsk Tipping, sett vekk frå Flax-lodd og Belago (terminalar i bingohallar).

Grasrotandelen er ei lågterskelordning der lag og organisasjonar må vere registrert i Frivilligregisteret for å delta i ordninga. Ikkje alle einingar som er registrert i Frivilligregisteret kan delta. Det er Brønnøysundregistrene som godkjenner lag og organisasjonar som kan ta del i Grasrotandelen.