Vi blir innimellom kontakta av personar med tilknyting til ein stiftelse, som kan fortelje om samarbeidsproblem i stiftelsen. Dei har gjerne ei forventning til at Stiftelsestilsynet skal ordne opp.

Samarbeidet mellom menneska i ein stiftelse går ikkje alltid knirkefritt. Slik er det i alle organisasjonsformer. Usemje, misforståingar og irritasjonsmoment av ulike slag kan over tid utvikle seg til fastlåste konfliktar.

Når samarbeidet låser seg

Når utanforståande som oss i Stiftelsestilsynet blir kontakta, har konflikten gjerne eskalert til eit nivå der den utgjer eit problem for tillitsvalde og tilsette i stiftelsen. Konflikten har blitt personorientert, og dei involverte partane har gjerne slutta å kommunisere direkte med kvarandre. Langvarige eller tilspissa konfliktar utgjer ikkje berre eit problem for menneska som er involverte. Også formålsrealiseringa i stiftelsen kan bli skadelidande. Mykje tid og krefter blir brukt på konflikten – framfor formålet til stiftelsen. Av desse grunnane er det viktig at interne konfliktar blir tatt raskt tak i.

Styret har ansvaret

Vi i Stiftelsestilsynet har tilsyn og kontroll med at forvaltninga av stiftelsane skjer i samsvar med stiftelsen sine vedtekter og stiftelseslova. Vi har derimot ikkje ansvar for å løyse konkrete arbeidskonfliktar.

Styret er stiftelsen sitt øvste organ, og ansvarleg for organisering og drift av stiftelsen. Dersom noko har utvikla seg til å bli ei samarbeidskonflikt, er det styret sitt ansvar å sørge for at situasjonen blir løyst. Leiinga sitt ansvar er likevel ikkje avgrensa til å løyse ei konflikt. Styret har ansvar for å arbeide forebyggande for å unngå at personkonfliktar oppstår.  Arbeidstilsynet har utarbeida konkrete råd om korleis ein kan forebygge og handtere personkonfliktar. Eit viktig råd er å ha gode rutinar for handtering av personkonfliktar, som skal etterlevast i praksis.

Konfliktar kan lamme styret

Styret er eit kollegialt organ, og styremedlemane pliktar å samarbeide til det beste for stiftelsen. Styreleiar og kvart enkelt styremedlem har ansvar for at styret fungerer. Vår erfaring er likevel at det innimellom skjer at arbeidet i styret blir lamma på grunn av samarbeidsproblem. I enkelte tilfelle kan det ha eskalert til ein konflikt og kanskje har det danna seg fraksjonar i styret. I nokon tilfelle kan det vere nødvendig å avsetje eit eller fleire styremedlemar for å løyse ein umogleg arbeidssituasjon i styret. Avsetjing av styremedlemar vil alltid vere siste utveg, og stiftelseslova stiller strenge vilkår for at det skal kunne skje.

Valorgan kan spele ei konfliktførebyggande rolle

Det er mange ulike organ som har til oppgåve å utpeike styremedlemar til ein stiftelse. Det kan for eksempel vere årsmøtet i ei foreining, eit kommunestyre eller bebuarar i ein bustadstiftelse. Desse har ei rolle å spele når det kjem til førebygging av samarbeidskonfliktar i stiftelsen. Det er viktig at valorgana har tenkt gjennom at dei skal utpeike medlemar til eit kollegium, og at dei vel personar med gode føresetnader for å kunne samarbeide med andre.