Ei reise i stiftelsesregisteret er ei interessant reise i tid og i kvinnekamp. Ein stiftelse er eigd av formålet, og gjennom søk i registeret kan du finne gamle og nye stiftelsar, som har som mål å sikre kvinners rettar og likestilling.

Du finn gamle stiftelsar, der fleire hadde som formål å hjelpe eldre, ugifte, trengande kvinner, som dei kalla det den gongen. Det var på ein måte den tids sosiale ordningar for kvinner som trengde hjelp.

«Eldre kvinner som har sett betre dagar», skriv ein stiftelse i formålet sitt. Akkurat den formuleringa kan vi humre litt av i dag. Men det er også alvor. På den tida var mange ugifte kvinner vanskeleg stilte, dersom dei ikkje hadde andre til å forsørge seg.

I dag finst det stiftelsar som har fokus på rettar og likestilling.

Ein jobbar til dømes for å gi kvinner i finansnæringa same kår som menn. Ein annan for fleire kvinner i faste vitskapelege stillingar.

Så har ein stiftelsar ein skulle ønske det ikkje var behov for, men som er så viktige for kvinner som har det vanskeleg. Fleire av krisesentera i Noreg er stiftelsar. Eit anna døme er Dixi Ressurssenter, eit lågterskeltilbod for kvinner og menn som er utsette for valdtekt.

Det er også aukande medvit på at kvinner og born er særleg råka ved krig og humanitære kriser, og at desse gruppene må prioriterast for bistand for å sikre utvikling av samfunnet.

Ser vi på likestilling i styra til norske stiftelsar finn vi at kvinneandelen i styra har stigande kurve. I 2020 er gjennomsnittleg del kvinner i styra nær 43%, så det nærmar seg smått om senn full likestilling i styrerommet. Dette er ikkje minst viktig ettersom norske stiftelsar har stor påverknad i det norske samfunnet, og har bokførte verdiar på nær 180 milliardar.