Mange fortvilte og frustrerte spelarar tek kontakt med oss. Dei har satsa pengar hos pengespelselskap som ikkje har lov til å operere i Noreg, og får ikkje utbetalt gevinsten.

– Kan du fortelje meg kva eg skal gjere?, sa ein mann som ringde oss tidlegare i sommar.

Han hadde spelt for store summar hos eit av spelselskapa som ikkje har lov til å tilby pengespel i Noreg, og etterlyste fleire hundre tusen kroner i gevinst. Vi får ofte slike henvendelsar.

Svaret er at vi ikkje kan hjelpe. Speler du hos eit av desse spelselskapa risikerer du å ikkje få utbetalt gevinsten. Det veit desse selskapa, og det bør dei informere spelarane grundig om.

Det er berre Norsk Tipping, Norsk Rikstoto og nokre store, landsdekkande lotteri, som har lov til å tilby og marknadsføre pengespel på nett i Noreg. Dette er slik for å beskytte norske spelarar, og sikre ansvarlege og trygge spel.

Så er det nokre pengespelselskap som bevisst bryt norsk lov, og tilbyr og marknadsfører pengespela sine i Noreg for å tene pengar i ein lukrativ norsk marknad.

Det er her årsaka til at spelarar kan oppleve å ikkje får utbetalt gevinst kjem inn. Eit av tiltaka for å stogge dei ulovlege pengespelselskapa er betalingsformidlingsforbodet, som betyr at bankar skal stoppe pengeoverføringar til og frå ulovlege spelselskap.  

Vi får stadig nye og meir effektive verktøy når vi skal beskytte norske spelarar, og betalingsformidlingsforbodet er eit av dei. Vi meiner det har effekt, spesielt om ein ser det i lag med andre tiltak. Vi gjer det vanskelegare for ulovlege aktørar i Noreg, og vi kjenner til at frustrerte spelarar sluttar å spele hos desse aktørane.

Fleire av spelarane som tek kontakt med oss fortel at dei ikkje visste at pengeselskapet dei har spelt hos opererer ulovleg i Noreg. Det kan vi forstå. Spelselskapa jobbar hardt for at du skal tru at dei har lov til å halde på slik dei gjer.

Dei omgår norske reglar ved å sende reklamar retta mot nordmenn via TV- kanalar som sender frå utlandet. Fleire av dei ulovlege spelselskapa hevdar også hardnakka i den offentlege debatten at dei har lov til å marknadsføre og tilby spel i Noreg, sjølv om norsk lov seier noko anna.

Dette forvirrar. 6 av 10 nordmenn veit ikkje eller er usikre på kven som har lov til å tilby pengespel i Noreg og ikkje. Vi trur at meir kunnskap om dette vil føre til at færre speler hos dei ulovlege aktørane.

Mange vil gjerne tenke seg om to gongar før dei er med på å legitimere og oppretthalde ein marknad for spelselskap som bevisst bryt norsk lov.  Det er nemleg slik at for å klare å overføre eller ta imot pengar må dei uregulerte selskapa bevisst lure bankane.

Så, det beste rådet vi kan gje norske spelarar er å la vere å spele hos pengespelselskapa som ikkje har lov til å operere i Noreg.