Har du eit formål du ønskjer å oppnå? Kanskje planlegg du å samle inn pengar til eit godt prosjekt i Afrika. Eller kanskje planlegg du å starte opp ein festival? Då lurer du kanskje på kva selskapsform du skal velje.

Er det viktig for deg med eit langsiktig perspektiv og ei føreseieleg utvikling, kan stiftelsesforma vere svært godt eigna.

Ulike driftsformer

Det finns mange ulike selskapsformer eller driftsformer å velje i. Eit hovudskilje går mellom driftsformer med eigarar og utan eigarar. Aksjeselskap og enkeltpersonføretak er døme på driftsformer med eigarar. Stiftelsar og foreiningar er eksempel på driftsformer utan eigarar. Driftsformer utan eigarar er kanskje særleg godt eigna til å realisere eit godt formål. Fordi alt overskot skal gå tilbake til drifta, og ikkje kan delast ut til andre enn formålet.

Skilnader mellom stiftelsar og foreiningar

Sjølv om stiftelsar og foreiningar er sjølveigande, er det klare skilnader mellom desse:

  • Stiftelsar er regulert av stiftelseslova, det finns ikkje ei eiga lov for foreiningar.
  • Stiftelsar blir oppretta med ein minstekapital på 100 000 kroner. Det krevst ikkje kapital for å starte ei foreining.
  • Både stiftelsar og foreiningar har vedtekter.
  • Stiftelsar er medlemslause, foreiningar har medlemmar.
  • Stiftelsar har styret som det einaste lovpålagde organ. Foreiningar har medlemsmøte, styret og årsmøtet som vanlige organ.
  • Styret er øvste organ i stiftelsane. Årsmøtet er øvste organ i foreiningar, og årsmøtet utgjer foreiningane sine medlemmar.
  • Vedtektene i ei stiftelse skal som utgangspunkt ikkje kunne endrast, og reglane for slike endringar er difor strenge i stiftelseslova. Foreiningar kan enkelt endre vedtektene sine på årsmøtet.
  • Endringar i stiftelsen må godkjennast av Stiftelsestilsynet, medan endringar i ei foreining ikkje krev slik godkjenning.
  • Stiftelsar har rekneskapsplikt (dvs plikt til å levere årsrekneskap etter rekneskapslova) og revisjonsplikt. Berre dei største foreiningane har dette.

Stiftelsesforma er føreseieleg for formålet og opprettaren

Stiftelsar er mindre demokratiske og meir statiske, og dermed meir føreseielege enn foreiningane. Dette kan vere avgjerande for formålet til opprettaren. Er medbestemming og dynamikk viktig, vil foreiningsforma være betre eigna enn stiftelsesforma.

Still meg gjerne spørsmål om stiftelsesforma i kommentarfeltet.