illustrasjon problemspiller

Vi har gleda av å igjen invitere til Spillansvarskonferansen 2022 ved Thon Hotel Opera i Oslo 16. november. Sjå invitasjon og program for konferansen.

Invitasjon og program

I Norge har 55 000 nordmenn problem med spel, og 122 000 er i risikosona for å få det. Kvart år legg vi att ca. 2 milliardar hos spelaktørar som tilbyr spel ulovleg i Noreg, men som skaper dei største problema. Problemspeling kostar samfunnet meir enn 5 milliardar i året. Korleis kan vi stoppe pengestraumen som skaper problem for både spelaren og familien?

Banken kan faktisk redde liv. Kva betyr det for spelaren når banken “ser” han og tar kontakt? Kva mogelegheiter har norske finansinstitusjonar for å oppdage og stoppe dei som har problem med pengespel? For mange spelarar er bankane siste skanse mot å gå til grunne.

Program: 

Kl. 09.00 – 09.10: Opning v/Kulturminister Anette Trettebergstuen

Kl. 09.10 – 09.15: Atle Hamar, direktør i Lotteritilsynet. Den teknologiske utviklinga gjennom meir enn 20 år med tilsyn – kva mogelegheiter har dette gitt?

Kl. 09.15 – 09.30: Henrik Nordal, avdelingsdirektør i Lotteritilsynet om kvifor det viktig å stoppe og regulere pengestraumen for å ha ein ansvarleg spelpolitikk.

Kl. 09.35 – 10.00: Marte Spurkland, forfattar og journalist. Ho har skrive bok om kriser. I ei av historiene får vi møte kvinna som måtte ta valet mellom å bli i eit forhold som gjeldsslave i uoverskueleg framtid på grunn av mannens speleproblem, eller forlate han. Spurkland fortel om møtet med kvinna, oppdaginga av problemet, konsekvensane og framtidsutsikter.

Kl. 10.00 – 10.15: Kaffi

Kl. 10.15 – 10.55: Magnus Rydeving, konsulent og rådgjevar for Spelnykter i Sverige. Han jobba i bank då det kom for ein dag at han hadde speleproblem. Han deler erfaringar frå Sverige om problemspelaren i ein lisensmarknad med skarpare konkurranse mellom selskapa.

Kl. 10.55 – 11.00: Beinstrekk

Kl. 11.00 – 11.30: Joakim Hellumbråten Kristensen, stipendiat ved Universitetet i Bergen og SPILLFORSK. Presenterer forskinga som viser at speleproblem kostar det norske samfunnet over 5 mrd kroner i året.

Kl. 11.30 – 12.30: Lunsj

Kl. 12.30 – 12.50: Egil Årrestad, Gjeldsregisteret. Kva mogelegheiter har Gjeldsregisteret for å bidra til å begrense skader?

Kl. 12.50 – 13.00: Kaffi

Kl. 13.00 – 13.30: Atle Vestvik, erfaringskonsulent i Spillavhengighet Norge. Speleproblema har ført til at snart har gjennomført si andre gjeldsordning. Han har hatt gjeldsordning 10 av dei 20 siste åra. Kona flytta frå han, men han er far til to barn. Korleis kunne han blitt stoppa før det gjekk over styr?

Kl. 13.30 – 13.35: Pause

Kl. 13.35 – 14.00: Presentasjon av undersøking av korleis bankane handterer betalingsformidlingsforbodet, og korleis Lotteritilsynet rettleier bankane om forbodet. Silje Sægrov Amble og Jonny Engebø, seniorrådgjevarar i Lotteritilsynet.

Kl. 14.00 – 14.15: Kaffi og beinstrekk

Kl. 14.15 – 14.40: Marianne Uppman, Finansklagenemnda. Dei får fleire saker knytt til speleproblem. Kva ser dei i sakene?

Kl. 14.45 – 15.15: Ingrid Sande Kvålen, Forbrukerrådet. Kva kan ein spelar med problem gjere når gjelda tårnar seg opp, og banken ikkje stoppar pengetilførselen? Kva rettar har spelaren? Korleis kan han nå fram?

Kl. 15.15 – 15.30: På gjensyn ved Atle Hamar

Konferansier: Kommunikasjons- og strategidirektør, Marie Havnen

Det kan kome endringar i programmet.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Tone Lin Støfring Skovro på e-post: tone.lin.skovro@lottstift.no eller mobil 91108181.