Hovudregelen i stiftelseslova er at eigedelane til ein stiftelse skal haldast skilde frå andre eigedelar. Reglane om fellesforvaltning utgjer eit unntak frå denne plikta til å skilje eigendelane.

Styret i stiftelsen kan søke Stiftelsestilsynet om fellesforvaltning. Stiftelsestilsynet vil fatte vedtak om at eigedelar kan forvaltast saman med eigedelane i andre stiftelsar. Ein stiftelse som får sine midlar forvalta på denne måten, vil då ifølge stiftelseslova § 21 vere under fellesforvaltning.

Ingen krav til forvaltar

Det blir ikkje stilt krav til kven som kan vere fellesforvaltar, slik stiftelseslova stiller krav til kven som kan vere styremedlem eller styre for stiftelsen. Både ein stiftelse og andre rettssubjekt, for eksempel eit selskap, kan difor stå for fellesforvaltninga.

Kan gjere unntak

Det er verd å merke seg at regelen om fellesforvaltning ikkje gir noko unntak frå dei alminnelege reglane om rekneskap, revisjon eller reglane som gjeld for styret. Stiftelseslova gir likevel Stiftelsestilsynet høve til å gjere unntak frå lovregelen om at ein juridisk person ikkje kan vere styre eller styremedlem i ein stiftelse. Dersom ein stiftelse står for fellesforvaltninga, kan Stiftelsestilsynet gjere vedtak om at den forvalta stiftelsen kan vere styre i ein eller fleire av dei stiftelsane som er under fellesforvaltning.