Gebyr og avgifter

Skriv ut Lytt til teksten

Stiftelsestilsynet er finansiert av brukarane gjennom ei årleg avgift frå stiftelsane. Det er også  gebyr ved nyregistrering, sjå §3 i forskrift til Stiftelseslova.

Alle stiftelsar som er registrert i Stiftelseregisteret 1. januar, og som har eigenkapital på meir enn 100 000 kroner, skal betale avgift for dette året. Tal for eigenkapital blir henta frå siste årsrekneskap som er levert  Rekneskapsregisteret.

Vi sender ut faktura for årleg avgift i starten av januar med betalingsfrist 15.mars.

Du kan klage på berekningsgrunnlaget for vedtak om årleg avgift, sjå meldingsskjema om klagerett her.

Gebyr ved nyregistrering blir fastsett ut frå eigenkapitalen, slik han går fram av opningsbalansen ved registrering. Heimel for årleg avgift finn du i Forskrift til stiftelsesloven §4.

 

Har du spørsmål?  Bruk vårt kontaktskjema.