Formålet med denne ordninga er å stimulere til aktivitet i frivillige lag og organisasjonar, men den gjeld også arrangement eller aktivitet som må avlysast på grunn av restriksjonar eller råd fra myndigheitene i forbindelse med covid- 19.

Ordninga gjeld for perioden 1. januar til  31. august 2021. De må vere registrerte i Frivilligregisteret for å søke.

Søknadsfristen er 15. september.

Du må gjennom seks ja/nei- spørsmål før du kjem til søknadssida.

Start søknadsprosessen

Dersom de har arrangement eller aktivitet som er heilt eller delvis gjennomført kan de få tilskot på 70 prosent av det godkjende søknadsbeløpet. Dersom arrangementet/aktiviteten er avlyst, kan de få 50 prosent.  De kan få tilskot til ein aktivitet eller eit arrangement ein gong.

Dersom de fekk tilskot i den delen av tilskotsordninga som gjeld dei som fekk momskompensasjon i 2020, skal dette trekkast frå.  Dette vil bli gjort automatisk i saksbehandlinga.

Les forskrifta her.

Dette er ei tillitsbasert ordning. Dersom de er i tvil om kva ordninga kan kompensere må dette avklarast før søknaden blir sendt. Spørsmål og svar gir rettleiing på ein del konkrete problemstillingar.

Sjå også ordninga publikumsarrangement av nasjonal verdi i idretten.

Det kan søkast om:

Meirkostnader:

  • De kan søke om støtte til meirkostnadar til smitteverntilpassingar på grunn av covid- 19- restriksjonar, råd eller tilrådingar frå styresmaktene. Dette kan til dømes vere innkjøp av smittevernutstyr,  kostnadar til ekstra reinhald, leige av ekstra eller større lokale eller behov for fleire instruktørar for å ivareta mindre grupper. Har organisasjonen hatt meirkostnadar knytt til andre aktørar sine arrangement og aktivitetar så kan det også søkast om støtte til dette (deltaking på bortekampar etc.).
  • De kan også søke om støtte til kostnadar de har hatt fordi de har utvikla eller tilpassa aktivitetar etter smittevernrestriksjonar eller råd og tilrådingar frå styresmaktene. Dette kan til dømes vere digitalisering av eksisterande tilbod, nye aktivitetar som digitale turtilbod/digitale møteplassar, kompetanseheving hos instruktørar og frivillige innanfor digitalisering og smittevern eller eingongskostnadar som er nødvendige for å omstille verksemda.

Mindreinntekter frå arrangement:

  • De kan søke om tilskot dersom de har mindre faktiske arrangementsinntekter enn budsjettert med på grunn av covid-19.  Dette kan til dømes vere tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter.  Dette gjeld både avlyste og delvis gjennomførte arrangement.
  • Dersom de har mista oppdrag på grunn av avlyst eller delvis gjennomført arrangement kan de søke om de har mindre i inntekter enn de budsjetterte med.
  • De kan ikkje søke om tilskot for bortfall av medlemsinntekter, ordinære treningsavgifter, lisensavgifter, sponsor- og reklameinntekter eller pengegåver.

Mindreinntekter frå annan spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter: 

  • Spesifisert aktivitet er tilbod som skulle vore opne for besøkande i den gjeldande perioden. Dette kan til dømes vere museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg.  De kan søke dersom de hatt heilt eller delvis stengt i perioden.
  • De kan søke om tilskot til tapte publikumsinntekter eller utleigeinntekter. Utleigeinntekter kan vere utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.

Det blir ikkje gitt tilskot til:

  • Bortfall av medlemsinntekter, ordinære treningsavgifter, lisensavgifter, sponsor- og reklameinntekter eller pengegåver.
  • Aktivitetar/arrangement som er eller kan bli dekte av organisasjonens forsikringsordning, avtalar mv. eller offentleg kompensasjon utanfor denne ordninga knytt til covid-19-utbrotet.
  • Aktivitetar som fremjar medlemmanes privatøkonomiske interesser.
  • Kostnadar og vedlikehaldskostnadar til bygg, anlegg og eigedom.

Organisasjonar som er under konkursbehandling, kan ikkje søke i denne ordninga.

Her finn du spørsmål og svar om tilskot i samband med arrangement eller aktivitet.

Sjå søkarliste

Vi legg ut oppdatert søkarliste kvar veke.

Last ned søkarliste per 14. juni 2021.