Formålet med denne tilskotsordninga er å stimulere til at publikumsarrangement av nasjonal verdi innanfor idrettsfeltet blir gjennomført, men ordninga gjeld også arrangement som må avlysast på grunn av restriksjonar eller råd  frå myndigheitene i forbindelse med covid- 19.

Ordninga gjeld for arrangement som er planlagt arrangert i Noreg i perioden 1. januar til og med 30. juni 2021.

Det er opna for søknad. Søknadsfristen er 18. august 2021.

Søk tilskot her

Spørsmål og svar om ordninga les du her.

Idrettsarrangement som er omfatta av ordninga

Publikumsarrangement på nasjonalt nivå:

  • Seriespel i øvste divisjon i lagidrettar for senior (kvinner og menn), samt i nest øvste divisjon i fotball for menn (OBOS-ligaen).
  • Noregsmeisterskap for senior i alle idrettar (kvinner og menn).

Internasjonale arrangement på seniornivå:

  • Europa- og verdsmeisterskap.
  • Europa- og verdsscup, og arrangement av liknande status.
  • Landskampar.

Det kan søkast om

  • tilskot til å dekke meirkostnadar knytt til arrangementet, som følge av restriksjonar eller råd gitt av offentlege myndigheiter i forbindelse med covid- 19-utbrotet.
  • mindreinntekter frå arrangement. Det vil seie differansen mellom budsjetterte arrangementsinntekter og faktiske arrangementsinntekter. Frå dette beløpet skal det trekkast frå utgåtte kostnadar, kompensasjon mottatt gjennom andre offentlege tilskotsordningar knytt til covid- 19, og inntektstap og kostnadar dekka av organisasjonens forsikringsordningar eller avtalar mm. De skal sannsynleggjere mindreinntekter ved å vise til rekneskap frå tidlegare, samanliknbare arrangement de har hatt.

Dersom de oppfyller vilkåra, kan de få tilskot på 70 prosent av det godkjente søknadsbeløpet. Dersom arrangementet er blitt avlyst vil de kunne få tilskot på 50 prosent av godkjent søknadsbeløp.

Organisasjonar kan ikkje motta samla støtte på over 18 millionar kroner frå denne og/eller andre covid- 19- ordningar.

Ordninga omfattar ikkje

  • sponsor- og reklameinntekter
  • pengegåver

De kan ikkje motta meir støtte fra denne ordninga enn de har tapt på grunn av  covid- 19. De kan ikkje sitte igjen med eit overskot på meir enn 70 prosent av overskotet frå tilsvarande, tidlegare arrangement.

Søkar eller søkars eigar må

  • vere registrert i Frivilligregisteret på søknadstidspunktet.

Organisasjonar som er under konkursbehandling, kan ikkje søke om eller motta tilskot.

Sjå søkarliste

Vi legg ut oppdatert søkarliste kva veke.

Last ned søkarliste per 11. mai 2021.