Lotteri- og stiftelsestilsynet fører tilsyn med at krav som er fastsett i lov eller i medhald av lov på gjeldande områder blir etterlevd.  

Eitt av Lotteri- og stiftelsestilsynets strategiske mål er å gjennomføre smarte tilsyn. Vi skal sette standarden for kva eit effektivt og digitalt oppdatert tilsyn skal vere, ved å vere tydelege, konstruktive og målretta.  

Som ledd i dette arbeidet har Lotteri- og stiftelsestilsynet utarbeidd ein policy for tilsyn som beskriv korleis vi skal sikre at tilsynsarbeidet er av god kvalitet og i tråd med lover, forskrifter og føringar frå Kulturdepartementet. 

Policy for tilsyn

 Lotteri- og stiftelsestilsynet har definert overordna føringar og prinsipp for tilsynsarbeidet: 

  1. Velje tilsyn basert på ei vurdering av kvar vi får best måloppnåing. 
  2. Vurdere risiko for regelverksbrot når vi skal prioritere kva område vi skal føre tilsyn med. 
  3. Sette standarden for kva eit effektivt tilsyn er, ved å vere tydelege, konstruktive og målretta. 
  4. Nytte rett kompetanse, effektiv metode og formålstenleg reaksjon ved regelverksbrot. 
  5. Legge til rette for god samhandling i Lotteri- og stiftelsestilsynet. 
  6. Dele tilsynsrapportar og læring etter tilsyn. 
  7. Gjennomføre kontroller for å sikre at tilsynsarbeidet er i samsvar med vedtatt(e) policy og prosedyrar. 
  8. Kartlegge forbetringsområde og innføre tiltak som sikrar kontinuerleg forbetring. 

Felles for alle tilsynsoppgåvene er at dei er forankra i samfunnsoppdraget og strategien til Lotteri- og stiftelsestilsynet, og at dei skal bidra til at vi når hovudmåla som går fram av policy for tilsyn. 

Vi har utarbeida eigen prosedyre for overvaking av marknaden. I planlegginga av tilsynssaker nyttar vi all samla kunnskap om eit område når vi vurderer risiko for brot på regelverket. 

Ulike metodar for tilsyn

Når vi gjennomfører ei tilsynssak omfattar det kontroll av etterleving. Vi fører tilsyn på ulike måtar og nedanfor er dei vanlegaste metodane:  

  • Tematilsyn: Tilsyn med utvalt tema/område basert på risikovurdering 
  • Tilsyn med eit eller fleire forhold basert på innsikt og kunnskap om verksemder 
  • Registerbaserte tilsyn: Tilsyn basert på avvik avdekka i datauttrekk frå offentlege register 
  • Kvalitetsrevisjon: Revisjon av eksempelvis av styringssystem/kvalitetssystem/lovpålagte krav 
  • Oppfølgingstilsyn: Kontroll av etterleving av pålegg gitt ved tidlegare tilsyn 
  • Samordna tilsyn med andre offentlege kontrolletater  

Tilsyna er gjennomført i samsvar med prosedyre for tilsyn og omfattar mange ulike oppgåver og ulike måtar å føre tilsyn på. Prosedyren gjeld alt arbeid knytt til konkrete tilsynsobjekt.  

Mange av sakene våre er baserte på innhenting av skriftleg dokumentasjon. Vi utfører tilsyn på staden, systemtilsyn, kontrollar osv. Verkemidla vi bruker mest, er enkelttilsyn, tematilsyn, rettleiing, kvalitetsrevisjon opp mot regelverk og internkontroll, økonomisk kontroll av rekneskap og formålsrealisering, stikkprøvekontrollar i marknaden, felles tilsyn og kontrollar i samarbeid med andre tilsynsmyndigheiter. 

Gjennomføring av tilsyn er prosesstyrt. Det er ein planfase, gjennomføringsfase, evaluering- og rapporteringsfase og ein læringsfase. Tilsyn går fram av verksemdstyringa gjennom tre hovudfasar som naturleg følger tilsynsprosessen: 

  • årleg planlegging 
  • utføring av årsplanar for tilsyn 
  • årleg rapportering