Arbeidstakar har rett til å seie frå om kritikkverdige forhold på eigen arbeidsplass. Kritikkverdige forhold kan for eksempel vere moglege brot på arbeidsmiljølova, anna lovgjeving, eller brot på verksemdas retningslinjer. Retten til å varsle gjeld også for innleigde arbeidstakarar. I nokon tilfelle har arbeidstakar også plikt til melde frå.

Varsel om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen

* betyr at spørsmålet er obligatorisk

  • Kva gjeld varselet? Kva har skjedd, kor og når skjedde det, kva er omfanget, er det vitner eller dokumentasjon som kan stadfeste opplysningane?
  • Namn, organisasjonsnummer og ev. kontaktinformasjon.
  • Max. file size: 20 MB.

Rett til å varsle

Arbeidsmiljølovas reglar om varsling omfattar tilfelle der ein arbeidstakar eller ein innleigd arbeidstakar varslar om kritikkverdige forhold i eiga verksemd. Dette kan vere forhold som arbeidstakaren blir kjent med gjennom arbeidsforholdet og som kan vere i strid med lover og reglar, verksemdas retningslinjer eller alminneleg oppfatning av kva som er forsvarleg og etisk akseptabelt.

Arbeidstakar sin framgangsmåte ved varslinga skal vere forsvarleg. Varsling i tråd med arbeidsgjevars retningslinjer og rutiner for varsling er å sjå som forsvarlege. Arbeidstakar kan også seie frå til tillitsvald, verneombod eller arbeidsmiljøutval. Arbeidstakar har i tillegg alltid rett til å varsle til tilsynsmyndigheiter eller andre offentlege myndigheiter.

Lotteri- og stiftelsestilsynets rolle

Offentlige myndigheiter skal saksbehandle det kritikkverdige forholdet. Lotteri- og stiftelsestilsynet har kun tilsynsmyndighet ovanfor stiftelsar, speleselskap med løyve i Norge, bingoentreprenørar og landsdekkande lotteri. Offentlige myndigheiter er ikkje part i ei varslingssak og har ikkje anledning til å gå inn i ein konfliktsituasjon mellom ein arbeidsgjevar og en arbeidstakar, eller å følge opp andre privatrettslige forhold.

Lotteri- og Stiftelsestilsynet vil være rett mottakar for varsel om kritikkverdige forhold frå arbeidstakarar, som vi direkte eller indirekte kan gjere noko med. Eksempel på dette kan vere:

  • Tilsett i ein lotterigodkjend organisasjon gir melding om at pengane ikkje går til det formålet det skal.
  • Tilsett i ei verksemd gir melding om at verksemda tilbyr, marknadsfører eller formidlar lotteri eller pengespel i strid med regelverket.
  • Tilsett i ein stiftelse meiner styret ikkje forvaltar stiftelsen godt.
  • Tilsett i ein stiftelse meiner styret handlar i strid med formålet.

Dersom Lotteri- og stiftelsestilsynet mottar varsel om kritikkverdige forhold som ligg til anna offentlig myndigheit sitt ansvar, vil informasjon bli vidareformidla til rett myndigheit. Vår moglegheit til å vidareformidle informasjon vil vere avgrensa som følge av at informasjonen er taushetsbelagt.

Taushetsplikt

Offentlige myndigheiter har en konfidensialitetsplikt ved mottak av varsel om kritikkverdige forhold. Ein kvar som utfører arbeid eller teneste for myndigheiten har taushetsplikt om arbeidstakars namn og andre identifiserande opplysningar om arbeidstakar. Dette gjeld også ovanfor arbeidsgjevar eller sakens partar.