momskompensasjon png

Søknadsfristen for 2021 er ute, og 1895 lag og organisasjonar har søkt om momskompensasjon. Dette er ein reduksjon på i overkant av 100 søknader frå 2020.

Frivillige lag og organisasjonar kan søke om å få kompensert meirverdiavgift på varer og tenester. I år er det førebelse søknadsbeløpet på 1,84 milliardar kroner. Ramma er på 1,8 milliardar kroner.

Utbetaling i desember

Kor mykje søkarane får utbetalt blir ikkje klart før alle søknadene er behandla. Då blir også det samla søknadsbeløpet klart. Dersom ramma som er gitt av Stortinget ikkje er stor nok til å dekke det godkjente beløpet for alle søkarane, blir alle beløp reduserte med same prosentsats.

Saksbehandlinga skal etter planen vere ferdig i slutten av november, og utbetaling skjer i midten av desember.

1503 søkte etter forenkla modell

1503 av søkarane har søkt etter forenkla modell, og 392 etter dokumentert modell. Forenkla modell tar utgangspunkt i totale driftskostnadar, medan dokumentert modell tar utgangspunkt i reelle meirverdiavgiftkostnadar når søknadsbeløpet skal bereknast. Forenkla modell utgjer over 95 prosent av søknadsbeløpet.