Organisasjonar som har godkjenning etter pengespellova skal kvart år levere inn rekneskapsopplysningar. Rapporteringsplikta er forankra i pengespelforskrifta § 42.
Korleis skal du rapportere?
Du skal rapportere for rekneskapsåret 2025.
Ved avvikande rekneskapsår, skal organisasjonen rapportere frå regnskapet som blei avslutta det gjeldande rekneskapsåret, det vil seie at dersom organisasjonen har rekneskapsår som går frå for eksempel juni til august så skal organisasjonen levere det siste godkjende rekneskapet.
Rekneskapen kan berre rapporterast elektronisk, jf. pengespelforskrifta § 88.
Rapporter rekneskap her
Pliktig rekneskapsskjema for førehandsgodkjende organisasjonar (LT-R-001)
Gå til AltinnKvifor må organisasjonen rapportere rekneskap?
Etter pengespelforskrifta, skal organisasjonar som er førehandsgodkjent, føre rekneskap. Organisasjonen skal innan 1. juni kvart år, sende rekneskapsopplysningane til Lotteritilsynet.
Kva må du rapportere?
Organisasjonane skal kunne dokumentere alle inntekter og utgifter, og skal ha oversikt over eigendelar og gjeld.
I rekneskapsskjema som skal sendast inn, skal de føre inn dei samla inntektene og utgiftene til organisasjonen for 2025. I tillegg skal overskot frå pengespel registrerast i skjemaet (dette er ein del av dei samla inntektene). Dette gjeld inntekter frå:
- løyve til bingo med medhjelpar
- løyve til bingo utan medhjelpar med omsetning over kr 200 000
- løyve til radio/tv-bingo med omsetning over kr 200 000
- løyve til lotteri med omsetning over kr 200 000
- pengespel med omsetning under kr 200 000
Du må sende inn rekneskapsskjema sjølv om organisasjonen ikkje hadde pengespel i 2025.
Organisasjonen skal også gje ei kort oversikt over korleis inntektene frå pengespel vart disponert i 2025.
Kven i organisasjonen kan rapportere?
Den som er registrert i Enhetsregisteret som dagleg leiar, eller er styremedlem i organisasjonen, har fullmakt til å levere elektronisk gjennom Altinn.
Dagleg leiar/styreleiar for organisasjonen kan delegere fullmakt. Endring av opplysningar som gjeld organisasjonen, må rettast til Brønnøysundregistrene. Det er viktig at opplysningar om organisasjonen til ei kvar tid er korrekt i Enhetsregisteret i Brønnøysund.
Nytt skjema i Altinn frå april 2026
Lotteritilsynet sitt skjema for rekneskapsrapportering, skal flyttast frå Altinn 2 til Altinn 3. Skjemaet vil få ei ny utforming og nye felt for utfylling. Nytt skjema er planlagt lansert innan utgangen av april 2026.
Desse felta blir nye:
- Tal medlemmar i organisasjonen per 31. desember i rapporteringsåret (tal medlemmar totalt og tal medlemmar under 18 år). Oppdaterte opplysningar om medlemmar i organisasjonen, vil vi bruke i vårt tilsynsarbeid, samt som grunnlag ved søknader om fleire løyve til bingo.
- Inntekter frå spel på skip (overføringar som organisasjonen mottek frå reiarlag).
- Inntekter frå NM i poker.
Har du levert rekneskapsopplysningar i Altinn 2, treng du ikkje levere desse på nytt i det nye skjemaet i Altinn 3. For å fylle ut nytt skjema, treng du enten
- tilgangspakke «Lotteri og spill», eller
- tilgangspakke «Sport og fritid»
Har du ei ekstern rolle frå Einingsregisteret (ER-rolle, til dømes dagleg leiar, styreleiar eller rekneskapsførar) får du automatisk tilgang til skjema. Dersom du ikkje har tilgang, må du få styreleiar eller andre med tilgangsstyring, til å delegere det til deg. De finn opplysningar om tilgangspakkar her (Altinn).
Merk at dette skjemaet kan leverast på Altinn 2-roller, utfyllar/innsendar. Dei nye tilgangane og Alltinn-rollene vil fungere i parallell ut 2026. Når Altinn 2 blir skrudd av (frå 19. juni 2026) er det ikkje lenger mogleg å delegere Altinn 2-roller. Det vil då berre vere mogleg å delegere dei nye tilgangspakkane.
Dersom du har spørsmål om tilgangspakkar, kan du ta kontakt med Altinn.