Norske skip i heilårs rutetrafikk mellom norsk og utanlandsk hamn, kan søke Lotteritilsynet om å arrangere pengespel om bord. Delar av overskotet skal gå til godkjente organisasjonar.
Reiarlag med norske skip kan søke Lotteritilsynet om å arrangere desse pengespela om bord:
- kortspel der det ikkje er tillate at spelarane spelar mot kvarandre, og som er godkjent av Lotteritilsynet
- rulett
- pengespel som blir tilbydd på spelterminalar jf. pengespelforskrifta § 78
Pengespela har 18 års aldersgrense og skal berre kunne spelast innanfor eit avgrensa lokale.
Særlege reglar til pengespel på skip finn du i pengespelforskrifta kapittel 13.
Søknadsskjema
- Last ned søknadsskjema om spel på skip nynorsk (word-dokument)
- Last ned søknadsskjema om spel på skip bokmål (word-dokument)
Desse skipa har løyve
I dag har alle skipa til Color Line løyve til å arrangere pengespel om bord på skip.
Pengespelregisteret gir oversikt over løyva.
Reiarlaget skal annonsere når dei har ledig plass til godkjente organisasjonar
Førehandsgodkjente frivillige organisasjonar må kontakte reiarlaget for å melde sin interesse om å få ein andel av overskotet frå pengespel om bord på skip.
Minst 20 prosent av overskotet frå pengespel om bord på skip skal gå til godkjente organisasjonar.
Når eit reiarlag skal knytte til seg nye organisasjonar skal det annonserast offentleg på reiarlaget sin nettstad. Dei skal samtidig informere om kva som blir lagt vekt på i deira val av nye organisasjonar.