Kva krav blir stilt for at momskompensasjon til din organisasjon ikkje blir vurdert som ulovleg offentleg støtte (statsstøtte)? 

Reglane om ulovleg statsstøtte vil ikkje ramme momskompensasjonen til dei fleste frivillige organisasjonar. Reglane kan likevel vere aktuelle for nokon frivillige organisasjonar som driv økonomisk verksemd. Momskompensasjonen kan i slike tilfelle påverke samhandelen og konkurransen i EU/EØS, for eksempel organisasjonar som driv profesjonell idrett.  

EØS-regelverket om statsstøtte skal hindre at staten favoriserer enkelte føretak eller næringar framfor andre, på ein måte som kan påverke samhandelen i EU/EØS-området negativt.  

Forskrifta har bestemmingar som skal hindre at momskompensasjon blir gitt i strid med EØS-regelverket.

Når blir momskompensasjonen definert som ulovleg statsstøtte? 

Det blir ikkje gitt momskompensasjon til   «økonomisk verksemd der kompensasjon til denne verksemda er i strid med EØS-avtalas reglar om offentleg støtte»  

Økonomisk verksemd vil seie at søkar tilbyr varer og tenester i ein marknad. Om ein organisasjon driv økonomisk verksemd, er uavhengig av organisasjonsform og på kva måte organisasjonen blir finansiert. 

For at støtta skal vere i strid med EØS-avtalens reglar om offentleg støtte, må støtta også vri eller true med å vri konkurransen, og være eigna til å påverke samhandelen mellom medlemslanda. Støtte som berre har lokal påverknad, vil derfor ikkje vere i strid med regelverket. Dette gjeld for eksempel støtte til barne- og breiddeidrettsklubbar, lokale kulturtilbod og andre organisasjonar som berre driv lokale aktivitetar. 

Nærings- og fiskeridepartementet har laga rettleiaren: «Veileder om offentleg støtte».

Kva må de gjere dersom de har verksemd der tildeling av kompensasjon kan vere i strid med EØS-reglane?  

1. Krav til avgrensing i søknaden

For å sikre at det ikkje blir gitt momskompensasjon i strid med regelverket om offentleg støtte, må søkarane sjølv avgrense for kostnadar som fell utanfor den frivillige og ikkje-fortenestebaserte delen av verksemda. Søkarane kan heller ikkje søke kompensasjon for økonomisk verksemd der kompensasjon til denne verksemda er i strid med EØS-avtalas reglar om offentleg støtte. Dette følger av forskriftas §§ 6 bokstav a og 3 tredje ledd bokstav h, jf. § 5 niande ledd. 

2. Krav til dokumentasjon

Søkarar som har både økonomisk og ikkje-økonomisk verksemd, må dokumentere at momskompensasjonen berre går til ikkje-økonomisk verksemd (hindre kryss-subsidiering). Søkaren må derfor kunne dokumentere at den økonomiske verksemda ikkje får fordelar av den momskompensasjonen.  

Korleis dette best kan gjerast, vil variere frå søkar til søkar. I forskriftas § 15 andre ledd er det sett krav til separate rekneskap og interne retningslinjer.

Separate rekneskap

Forskrifta stiller krav om separate rekneskap for den økonomiske og ikkje-økonomiske verksemda. Mange organisasjonar fører for eksempel avdelingsrekneskap. Det kan vere et godt utgangspunkt for å skilje dei to verksemdene. 

Detaljnivået i rekneskapane må søkarane sjølv sette, blant anna ut frå størrelsen på verksemda. Det viktige er at rekneskapen må vere detaljert nok til å gi eit overordna bilde av aktivitetane i verksemdene og korleis dei blir finansiert (fordeling av kostnadar og inntekter). 

Interne retningslinjer som hindrar kryss-subsidiering 

Søkarar må ha interne retningslinjer som sikrar at felleskostnader blir fordelt på ein forholdsmessig måte mellom verksemdene, og at transaksjonar mellom desse er basert på forretningsmessige vilkår.   

Her må den enkelte søkar vurdere kva tiltak som er riktig i sin situasjon. Separate kontonummer og interne vedtak i organisasjonen om bruk av statlege midlar, kan vere eksempel på tiltak som sikrar dette.