Ideas2evidence gjennomfører ei evaluering av tilskotsordninga for frivilligsentralar hausten 2025, på oppdrag frå Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Alle kommunar og frivilligsentralar vil få tilsendt ei spørjeundersøking i slutten av september (veke 39). Undersøkinga er sendt frå prosjektleiar Eivind Hageberg.

Vi håper at så mange som mogleg svarer på undersøkinga.

Formålet med evalueringa er å kartlegge om forskrifta verkar etter intensjonane knyta til mål, effektar og forvalting i forskrifta. Det er også eit mål at utilsikta verknadar skal avdekkast. Evalueringa skal gi kunnskapsgrunnlag for å vurdere behov for justeringar i forskrifta.