Ein medhjelpar er ein profesjonell speltilbydar som arrangerer pengespel på vegne av godkjente frivillige organisasjonar.

Den som vil bli medhjelpar kan søke Lotteritilsynet om godkjenning. Det er eit gebyr på 20 000 kroner for godkjenning.

Krav til medhjelpar

Krava til medhjelpar går fram av pengespelforskrifta § 40, og er som følger:

Dette er ein medhjelpar

Definisjon: Ein medhjelpar er ein enkeltperson eller eit føretak som mot ein del av inntektene eller overskotet, eller anna betaling, gjennomfører eitt eller fleire pengespel for den som har løyvet. Medhjelpar blir rekna som ein pengespeltilbydar.

Rolle: Koordinerer søknad og rapportering, og gjennomfører pengespel (t.d. bingo eller lotteri) for godkjente frivillige organisasjonar.

Godkjenning: Medhjelpar må vere godkjent av Lotteritilsynet.

Eksempel på pengespel der ein brukar medhjelpar