Stiftelsar er ein sentral bidragsytar for å redusere samfunnsøkonomiske kostnadar av utanforskap. Det kjem fram i ein ny rapport frå Menon Economics.
Den nye kartlegginga viser at rundt 2700 stiftelsar jobbar med sosial inkludering. Det utgjer om lag 43 prosent av alle stiftelsane i Norge. Desse gjennomførte anslagsvis 17.000 aktivitetar i 2022, og gav om lag 2,5 milliardar kroner i gåver til sosial inkludering.
Slik når dei ut til tusenvis av barn, unge og andre personar med risiko for å bli ståande utanfor på ulike arenaer i samfunnet.
Det kjem fram i analysen Menon Economics har gjort på oppdrag frå Stiftelsestilsynet. Konklusjonen i rapporten er at stiftelsar gjer ein stor innsats på området.
Sosial inkludering – det motsette av utanforskap
Kva meiner vi med sosial inkludering? I analysen er det lagt til grunn at sosial inkludering handlar om å gi moglegheit til å delta, og bidra til deltaking, på ulike arenaer i samfunnet.
På mange måtar kan ein forstå sosial inkludering som det motsette av utanforskap. Utanforskap blir ofte nytta om strukturelle utfordringar med manglande inkludering i samfunnet, for grupper som i mindre grad deltar i samfunnet enn befolkninga elles.
Undersøkinga oppsummert
- Stiftelsane gjer ein betydeleg innsats for å bidra til sosial inkludering.
- Stiftelsar rettar seg mot eit mangfald av målgrupper med risiko for utanforskap.
- Stiftelsar leverer tenester og dekker behov som ikkje blir dekka av det offentlege.
- Målgruppa ville ikkje nødvendigvis hatt noko tilsvarande alternativ utan stiftelsane.
- Stiftelsane kan ha ei viktig rolle også framover.
Sentral bidragsytar for å redusere utanforskap
I internasjonal samanheng blir Norge rekna som eit godt land å vekse opp i. Trass dette og at vi relativt sett har lite forskjellar i inntekt, er det fleire som fell utanfor. Grunnane til utanforskap kan blant anna vere knytt til vanskelege økonomiske situasjonar, helseutfordringar og ulike sosiale omstende.
Utanforskap fører til store samfunnsøkonomiske kostnadar. Det er blant anna gjort analysar som tilseier at kostnadar ved at folk står utanfor arbeidslivet utgjer fleire titals milliardar kroner kvart år. Med andre ord er det store samfunnsøkonomiske gevinstar av å førebygge og redusere utanforskap.
Kartlegginga viser at rundt 2700 stiftelsar, store og små, jobbar med sosial inkludering. På ulike måtar bidrar desse stiftelsane til
- auka deltaking i arbeidslivet
- auka skuledeltaking
- auka sosial kompetanse
- betre fysisk og psykisk helse
- utvikling av ferdigheiter eller kompetanse som er nyttig for å delta på ulike arenaer i samfunnet
- auka språk- og eller kulturkompetanse
Stiftelsane bidrar også med å redusere barrierar, som gjer at menneske i større grad kan delta på ulike arenaer og gir barn og unge moglegheiter til å delta i aktivitetar.
Korleis jobbar stiftelsane med sosial inkludering?
Det gjer dei for eksempel gjennom arrangement og at dei lagar sosiale møteplassar, at dei deler ut midlar, tilbyr aktivitetar eller utstyr gratis eller til redusert pris, tilbyr arbeidstrening og kompetanseheving.
Samtidig som rapporten anslår at dei 2700 stiftelsane gjennomførte rundt 17.000 aktivitetar i 2022 og gav 2,5 milliardar kroner til sosial inkludering i gåver, understrekar Menon at det er knytt stor usikkerheit til anslaga.
Kven når stiftelsane ut til?
I snitt oppgir kvar stiftelse i undersøkinga at dei nådde ut til over 2000 barn og unge. Dersom ein ser på personar utover barn og unge, oppgir stiftelsane i snitt å ha nådd ut til 2200 personar. Merk at fleire stiftelsar kan nå ut til dei same personane.
Stiftelsane rettar seg mot eit stort mangfald av målgrupper med risiko for utanforskap. Det kan vere alt frå personar med avgrensa sosialt nettverk, til personar med nedsett funksjonsevne eller psykiske utfordringar som nokre eksempel.
Basert på innsatsen som blir lagt ned i sosial inkludering, konkluderer rapporten med at stiftelsar er ein sentral bidragsytar for å redusere samfunnsøkonomiske kostnadar av marginalisering og utanforskap.
Stiftelsar leverer tenester og dekker behov som ikkje blir dekka av det offentlege
Heilt overordna kan stiftelsar supplere offentlege tenester gjennom å levere tenester som det offentlege også tilbyr, eller levere tenester som det offentlege ikkje tilbyr sjølv. Det blir gjort gjennom full eller delvis offentleg finansiering, eller utan finansiering frå det offentlege.
74 prosent av stiftelsane som svarte på undersøkinga oppgir at dei leverer tenester som ikkje blir tilbydd av det offentlege, medan om lag 24 prosent leverer tenester som også det offentlege tilbyr.
Figur B viser anslag for kor stor del av stiftelsane som supplerer offentlege tenester på ulike måtar. Her ser vi vekk frå stiftelsar som i hovudsak deler ut pengar eller gåver.
Vi ser blant anna at 31 prosent tilbyr tenester, aktivitetar eller anna som det offentlege ikkje tilbyr direkte – og som ikkje er finansiert av det offentlege.
Rundt 25 prosent leverer tenester til det offentlege som det offentlege også tilbyr, og er heilt eller delvis offentleg finansiert. Eksempel på slike velferdstenester er barnehage, barnevern eller rusomsorg.
Årsakene til at stiftelsar leverer tenester som også det offentlege tilbyr, kan vere for låg kapasitet og/eller kvalitet i tilsvarande eller tilgrensande tilbod, sett opp mot behovet i målgruppa. Det kan også vere at stiftelsar bidrar til eit meir variert eller mangfaldig tilbod.
Ville ikkje hatt tilsvarande alternativ utan stiftelsane
Kva ville ha skjedd dersom stiftelsen ikkje var der? Over halvparten av stiftelsane som har svart på undersøkinga seier at målgruppa ikkje ville hatt noko tilsvarande alternativ i dersom stiftelsen blei lagt ned eller aktiviteten fall bort.
Berre 8 prosent seier at det offentlege ville ha gitt eit tilsvarande tilbod dersom stiftelsen blei lagt ned.Det kan indikere og underbygge at stiftelsane i stor grad supplerer det offentlege tilbodet og tilbyr målgruppa noko dei elles ikkje ville hatt.
Av stiftelsane Menon har snakka med, forklarer fleire at stiftelsane blant anna kan ha betre kompetanse og kapasitet som følge av fleksibiliteten dei har til å utforme og tilpasse tilbodet, uavhengig av gitte rammer frå det offentlege. Blant anna blir det nemnt at stiftelsane raskt kan endre tilbodet etter behova i målgruppa, utan å måtte gå gjennom byråkratiske prosessar.
Gode moglegheiter for innovasjon
Undersøkinga peikar også på at stiftelsar også kan ha gode føresetnadar for utvikling av tilbod og innovasjon gjennom at dei har eit langsiktig perspektiv og formål. Stiftelsane kan blant anna stå friare til å prøve ut nye løysingar utan å gå med overskot og ha andre måtar å jobbe på eller tilnærme seg målgruppa.
Basert på tilbakemeldingane i spørjeundersøkinga er det tydeleg at stiftelsane spelar ei rolle i utviklinga av nye og eksisterande velferdstilbod, for å auke sosial inkludering og førebygge utanforskap. Bidraget frå stiftelsane omfattar eit breitt spekter av aktivitetar og pengeutdelingar.
Eit eksempel er at fleire stiftelsar har bidratt i utviklinga av frivillige butiltak i barnevernet og etablert spesialiserte rehabiliteringstilbod som tidlegare ikkje eksisterte. Eit anna eksempel er at fleire stiftelsar oppgir å ha gitt startkapital til nye prosjekt, som for eksempel ungdomshus og arbeids- og treningstilbod.
Stiftelsar kan ha ei viktig rolle framover
Fleire av informantane som er intervjua i undersøkinga fortel at dei opplever at stiftelsar i stort har vore lite synlege, og at deira bidrag til samfunnet har vore undervurdert. Ei overvekt av stiftelsane meiner også at nettopp organisasjonsforma har ei positiv betydning for bidraget deira til sosial inkludering. Blant anna kan stiftelsesforma, med langsiktige formål og nettopp at profitt ikkje er ein drivar – bidra til engasjement.
Rapporten konkluderer med at stiftelsar kan vere eit viktig supplement til offentlege velferdstenester og meirverdi på område det offentlege ikkje har eit openbert ansvar, men også på område der det offentlege har ei tydelegare rolle.
Menon peikar på at stiftelsar blant anna kan ha ei rolle i grensa mellom offentleg tilbod og det næringslivet tilbyr, og slik og bidra til mangfald. Dei kan nå ut til grupper og dekke behov som ikkje nødvendigvis blir dekka av andre aktørar.
Men stiftelsar kan ikkje løyse samfunnsproblema knytt til utanforskap åleine. Årsakene er ofte samansette og krev samansette løysingar og samarbeid på tvers av tenesteområde og aktørar. Det blir ikkje mindre viktig framover, og her kan også stiftelsar ha ei viktig rolle i samarbeid med det offentlege og andre aktørar, konkluderer rapporten.
Rapporten peikar også på at stiftelsane si rolle vil avhenge av kva rolle det offentlege og andre aktørar tar, og kva regulatoriske endringar som blir gjort framover.
Om rapporten
Menon Economics har laga rapporten «Stiftelsers betydning for sosial inkludering» – ein analyse av stiftelsar sitt arbeid med, og betydning for, sosial inkludering og forebygging, på oppdrag frå Stiftelsestilsynet.
Grunnlaget for analysen er ei spørreundersøking som er sendt til stiftelsar og casestudiar av seks utvalde stiftelsar/tiltak, samt relevant litteratur, statistikk og djupneintervju. Totalt blei spørreundersøkinga sendt til 2522 stiftelsar, der 255 av svara er inkludert og analysert.