Frå 1. juli 2024 er det eit krav at alle stiftelsar skal ha ordet «stiftelse/stiftinga» eller forkortinga «STI» i namnet.

Det nye lovkravet

Det nye kravet kjem som følgje av lovendring i Prop. 41 L (2023-24, side 46-50) og gjeld både alminnelege stiftelsar og næringsdrivande stiftelsar.

Brønnøysundregisteret har i mars 2025 automatisk lagt til nemninga “STI” lengst bak i namnet til dei stiftelsane som ikkje hadde ordet «stiftelse/stiftinga» eller «STI» i namnet frå før. Sjølv om Brønnøysundregisteret har oppdatert stiftelsens namn i sitt register, må stiftelsen også oppdatere vedtektene sine med det nye namnet.

Overgangsreglane seier at vedtektene må vere i samsvar med dei nye krava innan 1. juli 2026.

Særleg for alminnelige Stiftelsar

For alminnelige stiftelsar kan ordet «stiftelse/stiftinga» eller «STI» stå kvar som helst i namnet. Lovkravet gjeld også for eksisterande alminnelige stiftelsar.

Særleg for næringsdrivande stiftelsar

For næringsdrivande stiftelsar må ordet «stiftelse//stiftinga» eller «STI» stå lengst bak i namnet. Lovkravet gjeld ikkje for eksisterande næringsdrivande stiftelsar. Om eksisterande næringsdrivande stiftelsar vil endre namnet sitt, må det nye namnet oppfylle lovkravet om at ordet «stiftelse/stiftinga» eller «STI» må stå lengst bak i namnet.

Slik melder de namneendringa som følgje av det nye lovkravet til Stiftelsestilsynet

Stiftelsar som vil ha «STI» lengst bak i namnet må ved høve melde dette til Stiftelsestilsynet.

Stiftelsar som ikkje vil ha «STI» lengst bak i namnet, kan vedta å endre namnet i tråd med rettleiinga over, og melde dette til Stiftelsestilsynet ved høve.

For å melde namneendringa til Stiftelsestilsynet må de sende inn styreprotokoll og nye vedtekter via Samordna registermelding.

For namneendringar som ikkje gjeld ordet «stiftelse» eller «STI», gjeld dei vanlege reglane for omdanning.