Håvard Solbakken har aldri vore redd for å skille seg ut, men brukte likevel 20-åra på å finne seg sjølv. For eitt år sidan kom han endeleg ut av skapet for alle.

– Eg fekk kjempegod respons. Det var ein veldig fridom. Det er godt å kunne vere den eg er, å ikkje skjule noko lenger. Det tærer veldig på. Samtidig tenker eg: Kvifor gjorde eg ikkje dette før? Tenk så mykje betre ting hadde vore i tenåra viss eg hadde blitt sikker på meg sjølv allereie då, i staden for å undertrykke meg sjølv.

Det seier Håvard Solbakken (35). Han jobbar i Lotteri- og stiftelsestilsynet sin stab for IT og dokumenthandtering.

For å lære av kvarandre sine erfaringar inviterte vi til markering av pride på jobb, der Håvard delte litt av si historie og sine erfaringar med kollegaane. 60 tilsette sat musestille då Håvard fortalte om sin veg mot å vere open om si seksuelle legning som homofil.

34-åringen frå den vesle bygda Drevsjø hadde budd ti år i Elverum før han flytta til Førde i fjor vår. Det vart ein ny start for Håvard.

– Då eg begynte på nytt i Førde, gjorde det at eg turte å ta steget heilt ut. Vere den eg er for alle. Eg har undertrykt ganske mykje i mange år. Det siste året har vore fantastisk, fortel Håvard.

Skjer meir enn mange trur

Opphavleg er han utdanna sjukepleiar, før han tok ein bachelor i organisasjon og leiing. No held han på med ei ny utdanning i it-drift og utvikling samtidig som han jobbar med arkiv og it drift hos tilsynet.

– Norge er eit av dei beste landa å vere skeiv, og på papiret har ein like rettar. Men sjølv om det er ein bra plass å vere, så er det ikkje optimalt. Du kan framleis oppleve mange vonde ting som skeiv, seier Håvard.

Han er oppteken av at verda går framover, at mange har gått opp vegen opp gjennom historia. Men det skjer framleis ting som ikkje skal skje.

– Eg gjekk på gata midt på lyse dagen, då nokon tilfeldige, vaksne folk såg meg – og begynte å rope skjellsord etter meg. Slikt brenn seg inn i minnet. Ei anna hending var under pride i ein mindre by i fjor, då gjekk eg hand i hand med ein mann ein kveld. Då blei vi rett og slett fysisk truga. Mange skeive tier om slike opplevingar, har blitt vante til det. Dette kunne skjedd kor som helst. Poenget er at det skjer framleis mange ting som folk ikkje nødvendigvis får med seg.

Portrett av kvinne i grønn natur.
Siv-Karin Hestad.

Siv-Karin Hestad er fagdirektør for organisasjon og personale i tilsynet.

– At Håvard står fram og deler sine erfaringar med oss som kollegaar har ein stor verdi. Erfaringane hans viser kvifor det er så viktig å markere pride, seier Hestad.

– Naturleg kultur for å vere den eg er

I Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ca. 90 tilsette fordelt på mange ulike fagfelt. Håvard trivst veldig godt på jobb.

– Vi er mange forskjellige menneske, ulike personlegdommar og bakgrunnar. Eg har aldri vore redd for å vere den eg er her. Eg føler det er ein naturleg kultur for å vere akkurat den eg er.

Han skryt spesielt av korleis hans næraste leiar, samt organisasjon og personale har tatt imot han.

– Eg er trygg på at eg kan snakke med dei om eg skulle oppleve noko uønska. Eg opplever at mangfald blir tatt på alvor. Det er ein kjempestyrke og kvalitet. Ofte er mangfald og inkludering berre tomme ord i eit strategidokument. Det betyr ingenting dersom det ikkje blir vist i praksis og kultur.

At du blir sett, inkludert i samtalen. Det har eg ikkje opplevd på same måte andre plassar.

Håvard Solbakken

I Bufdir si levekårsundersøking frå 2020 oppgav 31% av homofile menn og 28% av lesbiske kvinner at dei unngår å vere opne om si seksuelle orientering på arbeidsplassen. Tala understrekar at mangfald og inkludering må jobbast med heile vegen. På spørsmål om kva som gjer tilsynet til det han opplever som ein inkluderande arbeidsplass svarer Håvard:

– Det er mange små ting, som er vanskeleg å sette ord på. Men til dømes at det er så kollegialt på tvers, at du ikkje blir sittande åleine i kantina. At du blir sett, inkludert i samtalen. Det har eg ikkje opplevd på same måte andre plassar.

Still opne spørsmål

I høve pride har vi spurt Håvard vi som kollegaar kan tenke på framover.

– Tenk på korleis du stiller spørsmål. Når det er snakk om ein kjærast eller sambuar til dømes, ikkje automatisk anta at partnaren til den du snakkar med har motsett kjønn, seier Håvard og held fram:

Å komme ut offentleg har vore ein lettelse for Håvard. – Det kjennest som fleire tonn er fjerna frå skuldre og hjarte. Det seier venner og familie og. Dei har ikkje sett meg stråle så mykje som siste året. Eg er ein heilt anna person, eg merkar det sjølv og.

– Det er ei så god kjensle om du får spørsmålet «han eller ho» i staden. Det kostar deg lite, men kan bety så mykje. Som skeiv kan du måtte komme ut fleire gonger i veka. Det gjer at mange unngår å vere opne. Men viss du som kollega stiller spørsmål på ein open måte, viser du allereie der at du er aksepterande.

Hans råd til leiarar er å vise at dei tar skeive medarbeidarar på alvor.

– Vis at du er nokon ein kan komme til viss ein har opplevd noko uønskt knytt til legning eller kjønnsidentitet.

 Siv-Karin Hestad er glad for dei gode tilbakemeldingane frå Håvard.

– Mangfald og inkludering er viktig for oss. Vi er opptekne av å lytte og tar imot innspel til korleis vi som arbeidsplass kan utvikle oss vidare. At Håvard deler så raust er med på å gjere oss betre.