60 prosent av nordmenn er usikre på om utanlandske spelselskap har lov å tilby sine pengespel her i landet. Heile 42 prosent trur at desse pengespelselskapa lovleg kan tilby spel til nordmenn. Dette kom fram i rapporten «Grenselause pengespel» som Hamar-utvalet overleverte Kulturdepartementet i desember 2014.

Det er kun Norsk Tipping og Norsk Rikstoto som har lov til å tilby og marknadsføre pengespel i Norge. I tillegg kan frivillege organisasjonar tilby lotteri dersom dei har fått løyve til dette av Lotteritilsynet.

Betsson, Unibet, ComeOn, Betsafe, Folkeautomaten, Norgesautomaten og ei rekkje andre utanlandske spelselskap tilbyr og marknadsfører pengespel ulovleg i Norge. Sjølv om desse har fått løyve til å tilby pengespel i andre europeiske land betyr ikkje dette at dei har lov til å tilby pengespel i Norge. Dette krev eige løyve frå norske myndigheiter, og slikt løyve er ikkje gitt.

Lotteritilsynet har bedt dei utanlandske spelselskapa om å respektere norsk lov og slutte å tilby og marknadsføre pengespela i Norge. Dette har ikkje skjedd, og vi registrerer at dei stadig tar i bruk nye metodar for å fremme omsetninga si i Norge.

Ulovleg reklame

Etter norsk lov er det forbode å marknadsføre pengespel som ikkje har løyve i Norge. Marknadsføringsforbodet råkar all aktivitet som blir satt i verk for å fremje omsettinga av pengespel som ikkje har løyve i Norge. Forbodet rammer reklame for utanlandske spelselskap på offentleg stad, på tv og radio, i trykte medier, på internett og i sosiale media. Forbodet vil også ramme redaksjonelle artiklar, pressemeldingar og bloggar med skjult reklame for pengespel.

Forbodet rammer ikkje berre spelselskapet sjølv men alle som driv eller medverkar til å drive verksemd som inneber marknadsføring av pengespel som ikkje har løyve i Norge. Dette vil vere avisredaksjonar, tv-selskap, pr-byrå, innehavar av lokale, arrangør av festivalar med meir.

Også frivillige lag og organisasjonar som registrerer seg som mottakarar av inntekter frå utanlandske spelselskap vil bli ramma av forbodet, om deltakinga inneber ei motyting i form av marknadsføring og formidling av pengespelet. Det same gjeld norske kjendisar som blir «ambassadørar» for desse spelselskapa.

Ikkje rart folk er usikre

Vi ser at det er behov for å informere aktivt om regelverket med jamne mellomrom. Det er kanskje ikkje så rart at folk er usikre på regelverket. Jamleg ser vi ein straum av pengespelreklame på norske TV-kanalar som sender frå utlandet. Til dømes TV3, Viasat4, Vox, Max, Fem og Discovery Channel.

Dette ønskjer vi å gjere noko med. Saman med Medietilsynet er vi i gang med å finne ut om det er mogleg å bruke AMT-direktivet til å hindre marknadsføring av ulovlege pengespel frå utlandet.

Vi må stoppe den ulovlege reklamen

Å stoppe pengespelreklame som er i strid med norske reglar er viktig om vi skal nå målet om eit ansvarleg og kontrollert tilbod av pengespel i Norge.

Norske redaktørar, kjendisar, bloggarar, pr-byrå, pressemeldingstenester, frivillige organisasjonar og eigarar av nettsider må vere på vakt om de blir kontakta av eit utanlandsk spelselskap. Dersom de føler dykk som heldige vinnarar i kampen om gode inntekter eller gode saker kan det vere lurt å stoppe opp å spørje seg sjølv – kva ønskjer spelselskapet å oppnå med dette?

Er formålet med kontakten å auke omsetninga på eit pengespel som ikkje har løyve i Norge? Om dette er tilfelle bør de vere ekstra varsam då de fort kan bli haldne ansvarlege for å drive med ulovleg marknadsføring av pengespel.