Rekneskapsrapportering for lotteriverdige organisasjonar

regnskapAlle organisasjonar som er godkjende som lotteriverdige skal rapportere rekneskap til Lotteritilsynet ein gong i året. Dette gjeld uansett om organisasjonen har hatt inntekt frå lotteri og bingo eller ikkje. Manglande rapportering fører til at godkjenninga blir sletta.
Fristen for rapportering av rekneskapstal for forrige år er 1. juni kvart år. Organisasjonar som ikkje rapporterer innan fristen kan misse godkjenninga.

Sjekk siste status når det gjeld levert/ikkje levert rekneskap for din organisasjon.

Rekneskapsrapportering for store lotteri

Organisasjonar som arrangerer store lotteri skal sende inn rekneskapsrapport etter at lotteriet er avslutta. Rapport for store lotteri leverer du via Lotteritilsynets rapporteringsskjema i ALTINN.  Du kan også rapportere med papirskjema.

Rekneskapsrapportering for smålotteri

Smålotteri rapporterer rekneskap og avslutning her.

Rekneskapsrapportering for bingo

Entreprenørar og organisasjonar som sjølve arrangerer bingo, pliktar å sende inn rekneskapsrapport etter at bingoløyvet er ferdigspelt. Ved spel i pott med fleire organisasjonar skal rekneskapsrapportering og utbetaling gjerast ein gong i halvåret.

15. februar

  • Frist for rekneskapsrapport frå bingoentreprenørar for 2. halvår året før.
  • Frist for rekneskapsrapport frå foreiningsbingo i pott for 2. halvår året før.
  • Frist for rekneskapsrapport frå foreiningsbingo utan pott for heile året før.

15. april

  • Frist for rekneskapsrapport frå bingoentreprenørar for 1. kvartal inneverande år.

10. august

  • Frist for bingoentreprenørar til å rapportere statistiske tal for føregåande år.

30. august

  • Frist for rekneskapsrapport frå bingoentreprenørar for 1. halvår inneverande år.
  • Frist for rekneskapsrapport frå foreiningsbingo i pott for 1. halvår inneverande år.

15. oktober

  • Frist for rekneskapsrapport frå bingoentreprenørar for 3. kvartal inneverande år.

Rapport leverer du via Lotteritilsynets rapporteringsskjema i ALTINN.
Du kan også rapportere med papirskjema.

Har du spørsmål? postmottak@lottstift.no