Dette er eit lotteri med årleg omsetning frå 200 tusen kroner til 100 millionar kroner, og som har fått løyve etter §6 i Lotteriforskrifta.

Løyve

Godkjende lag og organisasjonar kan søkje om løyve til å arrangere lotteri med trekning før eller etter loddsalet. Fleire organisasjonar kan arrangere og dele overskotspotten frå eit lotteri. Organisasjonane sender då søknad samla, men med eige skjema for kvar organisasjon.

Gebyr

  • Gebyr for kvar trekking er 300 kroner.
  • For lotteri utan bruk av skrapelodd er det eit gebyr på 3000 kroner pr. løyve/organisasjon.
  • For lotteri med bruk av skrapelodd er gebyret 6000 kroner pr. løyve/organisasjon.

Ulike former

Det er tre ulike lotteriformer som kan få løyve:

  • Tradisjonelle lotteri med trekning før sal av lodd
  • Tradisjonelle lotteri med trekning etter sal av lodd.
  • Kombinasjonar av desse to formene.

Dersom lotteriet avvik frå desse tre formene, må de forklare lotterikonseptet og spelereglane nærare i eige vedlegg til søknaden.

Gevinstsikkerheit – nytt krav frå 2016

Etter forskrift til lov om lotterier m.v. § 6 første ledd nr. 6 skal Lotteritilsynet godkjenne at det ligg føre tilstrekkeleg sikkerheit for gevinstene i lotteriet før loddsalet kan starte. Fram til no har Lotteritilsynets praksis vore å akseptere sikkerheit tilsvarande innkjøpskostnad på gevinstane. For lotteri med oppstart av loddsal etter 1. januar 2016 vil Lotteritilsynet krevje sikkerheit som dekkjer heile gevinstverdien

Gjennomføring

Det er den godkjende organisasjonen som er ansvarleg for søknaden og for gjennomføringa av lotteriet. Dersom organisasjonen bruker medhjelpar mot betaling til heile eller deler av gjennomføringa, må de leggje ved fullmakt frå organisasjonen om dette. Det skal gå fram av fullmakta kva ho omfattar.  Organisasjonen med lotteriløyve er like fullt ansvarleg for lotteriet og rapporteringa i etterkant.

Rapportering

Innan fire månader etter at lotteriet er avslutta må de rapportere inn lotteriet på fastsett skjema til Lotteritilsynet.

Du kan søkje om og rapportere store lotteri via ALTINN:

Du finn også PDF-skjema for søknad og rapportering om store lotteri ved å gå til søknads- og rapportskjema.

Har du spørsmål?  Ta kontakt.