Lotteritilsynet lyser ut tre pengespel med omsetning inntil 360 millionar kroner kvart niande år. Neste søknadsfrist er 1. september 2025.

Desse tilbydarane har løyve til denne type pengespel fram til og med februar 2026:

  • Norges Røde Kors med entreprenør Norsk Pantelotteri AS
  • Stiftelsen WWF Verdens Naturfond og SOS-Barnebyer Norge Stiftelsen, med entreprenør Novamedia Norsk Postkodelotteri AS

Krav til organisasjonen

  • Må vere førehandsgodkjent etter pengespelforskrifta § 38.
  • Ha internasjonal aktivitet som utgjer minst 50 prosent av organisasjonen sine samla rekneskapsførte driftskostnader.
  • Ha minst 20 millionar kroner årleg i rekneskapsførte driftskostnader for sin internasjonale aktivitet.

Krav til pengespelet

  • Pengespelet skal ikkje ha risiko for å utvikle speleproblem.
  • Minst 50 prosent av pengespelets omsetning etter frådrag for gevinstar, skal gå til den eller dei organisasjonane som har fått det konkrete løyvet.

Krav til medhjelpar

  • Medhjelpar som driftar pengespelet, må stille tilfredsstillande sikkerheit for gevinstar, ha tilfredsstillande eigenkapital og vise til ei rein revisjonsberetning.
  • Medhjelpar må også gjennom godkjenning frå eit autorisert testinstitutt i EØS-området kunne dokumentere at pengespelet er sikra mot misbruk og manipulasjon.

Pengespela må tilfredsstille visse tekniske krav, og elles vere i samsvar med vilkåra som er stilt i  kapittel 10 i pengespelforskrifta.