Lyoness har klaga på Lotteritilsynets vedtak. Klagen er sendt over til Lotterinemda for endeleg avgjersle.

Lotteritilsynet mottok klage 21. juni 2018 frå Lyoness Norway AS og Lyoness Europe AG, på vårt vedtak av 31. mai 2018 med pålegg om stans av ulovleg pyramideverksemd i Norge.

Lotteritilsynet har vurdert klagen, men har ikkje funne grunnlag for å endre vårt vedtak i saka. Vi sendte difor klagen vidare til Klagenemdssekreteriatet til Lotterinemda den 19. juli 2018 for endeleg avgjersle.