Oslo byfogdembete har avslått Lyoness Norway AS og Lyoness Europe AG sitt krav om å få halde fram verksemda i Noreg fram til det ligg føre ei rettskraftig avgjerd.

 I fjor fatta Lotteritilsynet vedtak om at Lyoness umiddelbart må stanse all drift av, deltaking i og utbreiing av verksemda i Noreg fordi det er ei ulovlig pyramideverksemd. I vedtaket la Lotteritilsynet til grunn at inntektene frå Lyoness si verksemd i Noreg i hovudsak stammar frå verving av deltakarar, og ikkje sal av produkt. Lyoness hadde då over 150 000 norske deltakarar og 1000 lojalitetsbedrifter.

Lotterinemnda stadfesta Lotteritilsynet sitt vedtak i januar. I februar beslutta Lotterinemnda å ikkje gje vedtaket utsett iverksetjing fram til saka er rettskraftig avgjort.

Om Lyoness

Lyoness er eit europeisk innkjøpsfellesskap som vert drifta av Lyoness Norway AS og Lyoness Europe AG.  Lyoness Norway AS driftar Cashback World i Norge. Cashback World er eit lojalitetsprogram for små og mellomstore bedrifter som ynskjer å auke omsetnaden ved å gje kundar insentiv til å vere lojale mot bedrifta. Lyoness Europe AG driv Lyconet, som driv nettverksmarknadsføring.

Lyoness begjærte deretter midlertidig forføyning ved Oslo byfogdembete, som den 24. mai 2019 avsa kjennelse som inneber at Lyoness ikkje får fortsette verksemda fram til det ligg føre ei rettskraftig avgjerd saka.

I kjennelsen legg Oslo byfogdembete til grunn at Lyoness Norway AS og Lyoness Europe AG ikkje har sannsynliggjort at Lotterinemndas vedtak om at Lyoness er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem er ugyldig. Oslo byfogdembete finn heller ikkje at Lotterinemnda har lagt til grunn feil faktum eller andre saksbehandlingsfeil.

Lyoness kan anke kjennelsen til lagmannsretten. Ankefristen er ein månad.

Les heile kjennelsen her.