Lotteritilsynet sendte vedtak til norske bankar i april om å stoppe betalingstransaksjonar til og frå utanlandske pengespelselskap på nett. Les saka her.

Worldpay, som var ein av dei største betalingsformidlarane av pengespel til nordmenn, har innført nye rutinar og stoppar no transaksjoner til nordmenn til og frå utanlandske pengespelselskap. Worldpay klaga på vedtaket til bankane, og gjennom klagen fekk Lotteritilsynet ny informasjon om at dei har fått på plass tiltak for å hindre pengespeltransaksjonar til nordmenn. Lotteritilsynet har også gjennomført testspel som støttar dette. Lotteritilsynet har derfor gitt Worldpay medhald i klagen, og deira kontonummer er fjerna frå lista over kontonummer som er omfatta av vedtaket til bankane.

Les endringsvedtaket her.