Denne serviceerklæringa gir deg informasjon om oppgåvene våre, sakshandsamingstider for dokument, rutinar for klage, retten til innsyn, og kvar du finn meir informasjon om tenestene våre.

Vi ønsker å yte god service til alle brukarane våre. Du skal få venleg, korrekt og rask informasjon når du kontaktar oss.

Svar og tid for sakshandsaming

Forvaltningslova er styrande for dokumenthandsaminga i Lotteritilsynet, og generelt gjeld ei dokumenthandsamingstid på inntil ein månad. Går det lenger tid, vil du få melding frå oss der du får opplyst kor lang tid det vil ta før du får endeleg svar.

Våre brukarar

Stiftelsestilsynet sine brukarar er norske stiftelsar, media og ålmenta elles. Vi har også enkelte brukarar etter anna lovverk. Sakene våre skal handsamast korrekt i tråd med gjeldande lover og tidsfristar.

Lotteritilsynet sine brukarar er frivillige lag og organisasjonar, bingoentreprenørar, spelarar og pengespelaktørar. Norske media og ålmenta elles er også viktige brukarar av tenestene våre. Sakene våre skal handsamast korrekt i tråd med gjeldande lover og tidsfristar.

Våre hovudoppgåver

Stiftelsestilsynet har tilsyn med alle norske stiftelsar, for tida ca. 6500 tilsynsobjekt. Vi fører ikkje tilsyn med stiftelsar som er regulert av finansforetakslova, som for eksempel sparebankstiftelsar. Våre hovudoppgåver er å

  • gjere vedtak etter stiftelseslova
  • føre tilsyn og kontroll for å førebyggje, avdekkje og hindre at stiftelsar driv i strid med vedtekter og stiftelseslova
  • drive og vidareutvikle eit stiftelsesregister der alle stiftelsane i landet er registrert med oppdaterte opplysningar
  • gi relevant informasjon og rettleiing til stiftelsar, publikum og styresmakter på stiftelsesområde

Stiftelsestilsynet er også tildelt mynde til å gjere vedtak etter;

  • stiftelseslova §55 (bandlagde eigedelar)
  • dekningslova (private beslagsforbod)
  • arvelova § 32 (bandlagd pliktdelsarv)
  • og i enkelte tilfelle vedtak om omorganisering av samvirkeføretak.

Lotteritilsynet skal sikre eit forsvarleg lotteri- og pengespeltilbod i Norge. Dette forvaltar vi gjennom å

  • godkjenne alle lotteriverdige organisasjonar som kan hente inntekter frå den private delen av lotterimarknaden
  • autorisere store lotteriarrangørar, t.d. medhjelparar som driv bingohallar
  • gi løyve til lotteri som har ei omsetning på over 200 000 kroner i året
  • informere om farane ved pengespel, og samle inn informasjon om utviklinga i marknaden
  • ha ansvar for marknadsføring og resultat for Hjelpelinja for speleavhengige
  • hindre at alle former for ulovlege pengespel og pyramidar får fotfeste i Norge
  • føre tilsyn og kontroll med Norsk Tipping og Norsk Rikstoto
  • gi informasjon og rettleiing til aktørar, publikum og styresmakter

Vidare skal vi sikre ei forsvarleg fordeling av inntekter frå lotteri og pengespel gjennom

  • tildeling av lotteriløyve
  • fordeling av delar av spelemidlane frå Norsk Tipping til lotteriverdige organisasjonar etter søknad
  • tilsyn med at organisasjonane får sin rettmessige del av lotteriinntektene, og kontrollere bruken av inntekter frå lotteri
  • tilsyn med Grasrotandelen

Lotteritilsynet forvaltar også ordninga med momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar generelt, i tillegg til ordninga for momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Vi har også forvalta fleire tilskotsrordningar til frivilligheita i samband med covid -19-utbrotet.

Kulturdepartementet er fagleg og administrativt overordna for Lotteritilsynet, og Lotterinemnda er klageinstans for tilsynets vedtak.

Klager

Etter forvaltningslova kan part og andre med rettsleg klageinteresse klage på enkeltvedtak som er gjort av Stiftelsestilsynet. Part er stiftelsen eller den person vedtaket rettar seg mot. Dersom du vil klage, må du sende klagen til oss innan tre veker etter at du fekk tilsendt vedtaket. Vi vil så vurdere saka på nytt når vi får klagen. Dersom vi ikkje finn grunn til å gjere om vedtaket, sender vi klagen vidare til Stiftelsesklagenemnda for endeleg avgjerd.

Du og ditt lag eller din organisasjon kan klage på enkeltvedtak i lotterisaker. Dersom du vil klage, må du sende klagen til oss innan tre veker etter at du fekk tilsendt vedtaket. Vi vurderer deretter klagen og saka på nytt. Dersom vi finn at det ikkje er grunn til å gjere om vedtaket, sender vi klagen vidare til Lotterinemnda som er eit uavhengig klageorgan. Du kan også klage til Sivilombodsmannen på vedtak frå Lotteritilsynet og Lotterinemnda.

Offentligheit og innsyn

Dokument i ei sak er som hovudregel offentleg. Det betyr at dokumentet er ope for innsyn. Unntak skal heimlast i offentleglova kapittel 3. Du kan krevje innsyn i alle dokument, og skal ha svar på innsynskrav seinast innan tre dagar. Lotteri- og stiftelsestilsynet praktiserer meiroffentlegheit.

Du kan be om innsyn i dokument gjennom eInnsyn som er ei felles publiseringsteneste for postjournalar i statlege verksemder. Her kan du søkje fram dokument frå alle dei deltakande verksemdene. Du finn også brukarrettleiing, lenkje til regelverk og statistikk m.m. I vår postjournal kan du hente offentlege utgåande og organinterne dokument.

Meir effektiv forvaltning og betre tenester

Vi jobbar for å gi betre tenester og service til brukarane våre.

På nettsidene våre finn du relevant informasjon alt etter kva brukaroppgåve du skal løyse.