Pokerspel i private heimar er unntatt krav om at overskotet må gå til ikkje- fortenestebaserte formål. I slike tilfelle må pokerspelet likevel skje innafor visse grenser, som er nærare fastsatt i forskrift, for å være lovleg.

Dette innebærer at du kan spele poker med innsats og premie av økonomisk verdi, heime hos deg sjølv eller heime hos andre, uten at dette vert arrangert til inntekt for ikkje-fortenesebaserte forhold.

Dette gjeld for at pokerspelet skal vere lovleg

Forskriftsbestemminga som tillet pokerspel i private heimar, utan ikkje- fortenestebasert formål er formulert slik:

“kravet i pengespilloven § 22 om at overskuddet skal gå til ikke – fortjenestebaserte formål gjelder ikke for (…) pokerspill i private hjem der spillet ikke har et profesjonelt preg, der det deltar maksimalt 20 spillere og høyeste innsats per spiller er 1000 kroner per sammenkomst” (pengespillforskriften § 36 bokstav b).

  • Spelet må skje i ein privat heim. Det er difor ikkje lov å spele denne typen poker på for eksempel arbeidsplassar, restaurantar og pubar, klubbar og hotellrom.
  • Spelet må ikkje ha eit profesjonelt preg. Dette vilkåret forbyr etablering av speleklubbar, større turneringar og arrangement i private heimar, og organisering av poker med arrangør og liknande.
  • Maksimalt tal deltakarar er 20 personar. Dette gjeld alle personer som deltar med innskot i spelet. Det vil ikkje vere mogleg å supplere med nye spelarar for eksempel når enkeltspelarar ryk ut av ei turnering.
  • Høgste innskot per deltakar er 1000 kroner per spelekveld (samankomst). Kvar deltaker kan satse inntil 1000 kroner på ein spelekveld. Dersom selet varer til over midnatt, er det likevel snakk om éin spelekveld. Grensa er personleg og kan ikkje overførast til andre spelarar.

Det er vidare sett ei aldersgrense på 18 år, forbod mot spel på kreditt og eit forbod mot at gjennomføringa av pokerspelet kan overlatast til ein medhjelpar mot betaling (for eksempel kortutdelar).