No er det opna for ny søknadsrunde i mangfalds- og inkluderingsordninga vi forvaltar.

I første søknadsrunde fekk vi inn nærare 1100 søknadar, der det totalt blei søkt om over 570 millionar kroner. Potten på 100 millionar kroner blei fordelt på 250 søkarar.

– Sjølv om ein god del søkarar fekk avslag i førre runde, kan dei søke på nytt no. Vi håper på mange søkarar også denne runden, seier avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte, Marianne Skjeldestad Hove. 

Frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus kan søke tilskot i ordninga, som Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar. Ordninga gjeld både organisert idrett, eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv.

– Formålet med ordninga er å legge til rette for at fleire barn og unge kan delta i fysisk aktivitet. Det kan vere tilskot til prosjekt eller til å få dekka eingongsutgifter, seier Hove.

Fristen for å søke på ordninga er 16. februar klokka 13.00.

Desse kan søke i ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6 til 19 år i familiar med vedvarande låginntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særlege barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikke aldersavgrensa.
  • Noverende og framtidige unge leiarar og trenarar opp til 26 år, som er jenter/kvinner, eller personar som har funksjonsnedsetting eller minoritetsbakgrunn.

Les meir om ordninga og korleis du kan søke her.