-Det kom inn veldig mange gode søknader, seier Trygve Hermansen, seniorrådgivar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.  

Ordninga har som mål å skape varig auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet. Vi fekk inn over 1070 søknader med ein søknadssum på over 570 millionar kroner, og 250 søkarar får til saman 100 millionar kroner.

– Innstillingsutvalet som har prioritert søknadene har hatt ein vanskeleg jobb med mange gode søknader, seier Hermansen.  

Sjå oversikt over søkarar.

Sjå oversikt over utbetalingar.

Det kjem ei ny søknadsrunde i ordninga, med 100 nye millionar.

-Vi har eit mål om å få betalt ut desse pengane tidleg i 2023, og det kjem meir informasjon her på nettsidene våre så fort vi har det.  

Dette er ordninga:

Målgruppene er:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låginntekt. 
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, samt jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særlege barrierar. 
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersbegrensa. 
  • Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn. 

Kriterium som bør vere oppfylte:

  • Tiltaka bidrar til å redusere barrierane for deltaking blant ei eller fleire av målgruppene. 
  • Tiltaka bidrar til auka bevisstheit om betydninga av mangfald, og bidrar til varig verdi gjennom eit meir systematisk arbeid for mangfaldig og inkluderande deltaking.