7. september gjekk fristen ut for å søke om straumstøtte for perioden april til juni 2022. 4549 frivillige lag og organisasjonar har søkt om støtte og det totale søknadsbeløpet er på nesten 62 millionar kroner.

– Tala er noko lågare enn forventa, men ikkje mykje. Frivillige lag og organisasjonar hadde truleg lågare forbruk i kvartalet dei søkte om støtte for no, samanlikna med vintermånadene. Vi forventar fleire søknadar i neste runde, med tanke på straumprisrekordane som har vore i sommar, seier Marianne Skjeldestad Hove, avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Straumstøtteordninga gjeld i perioden april 2022 til mars 2023, og vi legg opp til ei søknadsrunde kvart kvartal.

–  Vi er allereie i gang med saksbehandlinga, og målet vårt er at første pulje får utbetalt pengane ca. to veker etter søknadsfristen, fortel Hove.

Flest søknadar frå idretten

Idretten utgjer størstedelen med 1454 søknadar og 32 prosent av søknadane. Det største søknadsbeløpet er på 825 002 kroner, og Oslo og Bergen er dei kommunane med flest søknadar.

Her får du oversikt over alle søkarar og søknadsbeløp.