Kva rolle spelar stiftelsar i viktige forskingseventyr? Og kor går grensene mellom gaming og gambling? Det er to av dei vidt forskjellege temaa vi skal snakke om under Arendalsuka.

Her finn du oversikt over dei spennande arrangementa vi deltar på.

Hva er tre milliarder verd?

Tid: Måndag 12. august 15.30-16.30

Stad: Sparebanken Sør

Sparebankforeningen inviterer til debatten «Hva er tre milliarder verdt?». Her ser dei nærare på kva den samfunnsøkonomiske gevinsten av gåvene frå norske sparebankar og sparebankstiftelsar. For kan ein sette ein verdi på instrument, dagsturhytter eller aktivitetar for barn og eldre? Her bidrar Siw Heggedal Longvastøl som er avdelingsdirektør for Stiftelsestilsynet.

Gaming eller gambling? Slik spelar barn vekk tusenvis av kroner

Tid: Onsdag 14. august 14.00-14.55

Stad: Kulturkammeret og direkte på nett

Saman med Medietilsynet og Forbrukarrådet inviterer vi til «Gaming eller gambling? Slik spelar barn vekk tusenvis av kroner».

Illustrasjonsfoto som viser barn som spiller data.
Foto: Illustrasjon

Både Forbrukerrådet, Lotteritilsynet, Hjelpelinjen og Spillavhengighet Norge blir ofte kontakta av bekymra foreldre og barn som har spelt vekk store summar i dataspel. I desse spela er det element som ligg tett opp til pengespel.    

Gaming eller gambling? Problemstillingane fell mellom fleire stolar, og norske myndigheiter slit med å plassere ansvaret for problematikken. Er gamingsfæren eit lovtomt rom? Og kven skal då ta ansvar for å verne desse barna mot utnytting?  

Det skal vår direktør Atle Hamar diskutere i debatt med Inger Lise Blyverket frå Forbrukerrådet, Mari Velsand frå Medietilsynet, Magnus Pedersen i Spillavhengighet Norge og Mathias Jørgensen frå Hyperion.

Les meir her.

Hvordan realiserer vi potensialet i norske stiftelser?

Tid: Onsdag 14. august 14.00-14.55

Stad: Hjerneteltet og direkte på nett

Rapporten vår Norske stiftelsers verdibidrag frå 2023 viste at det finnast over 6000 norske stiftelsar, som står for ei årleg verdiskaping på 58 milliardar kroner. Det er like mykje pengar som blei sett av til høgare utdanning og forsking i statsbudsjettet same år.

Bidraget frå norske stiftelsar er altså betydeleg. Men kunne det vore endå større? Det spør Stiftelsen Dam om. Dei inviterer til seminar om korleis potensialet i norske stiftelsar blir realisert. Siw Heggedal Longvastøl frå Stiftelsestilsynet er blant bidragsytarane. 

Les meir her.

Stiftelser som del av et forskingseventyr

Tid: Torsdag 15.august 08.00-10.00

Stad: Sparebanken Sør og direkte på nett

I Danmark har stiftelsen Novo Nordisk vore sentral i det danske medisinske eventyret. Slankemedisinen Ozempic er ein verdssensasjon. Stiftelsen Det Norske Veritas er leiande internasjonalt på klassifisering, og SINTEF er eit av Europas største uavhengige forskingsinstitutt. Kva kan vi lære av desse suksesshistoriene?

Det får du høyre meir om når vi inviterer til seminar saman med Stiftelsesforeningen. Første del går av stabelen frå klokka 08 til klokka 09.

Portrettbilde som viser Edvard Moser, Alexandra Bech Gjørv, Helge Lund, Siw Heggedal Longvastøl, Mari Sundli Tveit, Oddmund Hoel, May-Britt Moser og Bjørn Øiulfstad.
Foto: TITT Melhuus / Kavli Institute for Systems Neuroscience, Karoline Ravndal Lorentzen / SINTEF, Novo Nordisk, Stiftelsestilsynet, Norges Forskningsråd, Kunnskapsdepartementet, TITT Melhuus / Kavli Institute for Systems Neuroscience, og Stiftelsesforeningen.

Her deltar Alexandra Bech Gjørv frå SINTEF, Helge Lund frå Novo Nordisk, Remi Eriksen frå Det Norske Veritas og Kjartan Almenning frå Abelia.  

I andre del, frå klokka 09 til 10, skal vi sjå nærare på korleis norske stiftelsar kan bidra til meir, viktig grunnforsking. Du får høyre nobelprisvinnarane May-Britt Moser og Edvard Moser fortelle kor viktig langsiktig finansiering er for den banebrytande forskinga dei driv med.

Her deltar også forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp), Gunnar K. Nilsen frå Kavli Foundation, Mari Sundli Tveit frå Norges Forskningsråd, Anne Lise Ryel frå Hjerneforskningsfondet og Eskild A. Stenhaug frå Sparebankstiftelsen Sparebank Sør.

Les meir her.

Ta gjerne kontakt

Dessutan er vi ute for å møte samarbeidsaktørar innan alle våre felt. I tillegg til Atle Hamar og Siw Heggedal Longvastøl, er desse til stades Arendal: Marianne Skjeldestad Hove som er avdelingsdirektør for frivilligheitsstøtte, Tore Bell som er avdelingsdirektør for pengespel og Terje Gilleshammer som er kommunikasjons- og strategidirektør.  

Kontakt oss gjerne viss du vil nytte høvet til å slå av ein prat.