Stadig fleire bankar tar kontakt med kundar som spelar hos ulovlege spelselskap, viser ei ny undersøking frå Lotteritilsynet.  

For Atle Vestvik starta speleproblema då han som 18- åring begynte å spele på automatar rundt om i kioskar og butikkar. Seinare oppdaga han nettkasino, og begynte å finansiere spelinga med kredittkort og forbrukslån. Det tok lang tid før Atle fortalde nokon om pengespelproblema, og på same tid vaks spelegjelda.  

– Det som kunne ha hindra meg oppi alt dette er at banken hadde tatt kontakt for å høyre kor pengane kom frå, og kva pengane gjekk til, av alle dei transaksjonane som blei gjort til spel, seier han. 

No har Atle vore spelefri i 7 år. Han er i si andre gjeldsordning, og har til saman spelt vekk 8-10 millionar kroner.

– Så lenge det vil vere mogleg å skaffe seg så mykje lånte pengar vil det alltid vere mogleg å spele for mykje. Samtidig må bankane bli flinkare til å kontakte brukarane når dei ser hyppige transaksjonar på nettet, slik at dei kan hindre at folk brukar pengar på spel.  

Banken kan vere den første staden speleproblem kjem fram

Speleproblem kan få enorme økonomiske konsekvensar for spelaren og heile familiar. Norske bankar har plikt til å stoppe pengeoverføringar til og frå ulovlege spelselskap, som Unibet og Betsson. Dermed skal dei også oppdage det når det går pengar til og frå spelselskapa.  

– Det betyr at banken kan vere den første staden speleproblem kjem fram. Då kan ein også hindre at menneske går i fleire år utan å fortelje nokon om problema, seier Silje Sægrov Amble, jurist i Lotteritilsynet.  

Stadig fleire bankar kontaktar spelarar

8 av 10 bankar har rutinar på å kontakte kunden når dei ser transaksjonar til og frå ulovlege spelselskap, viser ei ny undersøking Sentio har gjort på oppdrag frå Lotteritilsynet. I 2020 hadde 6 av 10 bankar desse rutinane på plass.  

Silje Sægrov Amble er jurist i Lotteritilsynet.

– Erfaringa vår er at kundane endrar spelemønster når bankane ser dei og informerer. Anten sluttar dei heilt å spele eller så held dei seg til lovlege spelsider under offentleg kontroll, seier Amble.  

Undersøkinga viser også at nesten 7 av 10 bankar informerer om eventuelle konsekvensar for kunden.  

Pengespelproblem er sjeldan tema i lånemøte

2 av 3 bankar svarer at pengespelproblem sjeldan eller av og til er tema i lånemøter med kunden. Berre 1 av 4 har generell informasjon om speleproblem på nettsidene sine eller i anna informasjonsmateriell.  

-Vi meiner at speleproblem bør bli ein del av den obligatoriske opplæringa i banken, og vi hjelper gjerne til med informasjon. Problem med pengespel er eit folkehelseproblem, og bankane kan bidra til å hjelpe folk som har desse problema, seier Amble.  

Om undersøkinga:
  • Undersøkinga er gjort av Sentio Research AS på oppdrag frå Lotteritilsynet.
  • Undersøkinga er sendt til 121 norske bankar, og har ein svarprosent på 66 prosent.  
  • Datainnsamlinga var frå juni til august. Den same undersøkinga var også sendt ut i juni- august i 2020.